Hopp til innhold

Krf varslar tøffe forhandlingar

Venstre og KrF varslar tøffe forhandlingar om statsbudsjett. Budsjettet må bli grønare og få ein meir sosial profil, seier Krfs Geir Bekkevold.

Geir Bekkevold

Geir Bekkevold trur det blir tøffe forhandlingar om statsbudsjettet.

Foto: Sven Håkon Kulbeck / NRK

Finansminister Siv Jensen la fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2015 i denne veka.

Både Venstre og KrF har uttalt at regjeringa ikkje har følgt opp løfte frå fjorårets budsjettavtale, og varslar tøffe forhandlingar.

Les også:

– Eg trur det blir tøffe budsjettforhandlingar, seier Geir Bekkevold. Han varslar at det må store endringar til for at KrF skal stemme for eit nytt statsbudsjett.

Han fortel at stortingsgruppa i Kristelege Folkeparti vil sette seg ned og gjere sine prioriteringar.

– Og det kan bli ganske tøft det også. For vi kjem frå forskjellige fylke som vil at vi skal kjempe for våre lokale saker, seier Bekkevold.

Etter det blir det forhandlingar med dei tre andre partia, Høgre, Frp og Venstre.

Vil gjere endringar

Klima, skattelettar og avgifter, er blant anna varsla som store kampsaker.

– Det blir viktig å få budsjettet i ein retning som gagnar klimaet. Og det gjeld også for avgiftspolitikken, seier Bekkevold.

Geir Bekkevold. Krf

Geir Bekkevold vil kjempe for Bratsbergbanen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han viser til at det er lagt opp til å bruke rekordmykje pengar på neste års statsbudsjett.

– Då må vi også ha ei fordeling som gjer at vi kan løfte dei som sit nedst ved bordet. Og der er det ein lang veg å gå, seier Bekkevold.

Bekkevold seier at fem prosent av dei aller rikaste her i landet får over halvparten av skatteletten i formueskatten i forslag til statsbudsjett.

– Og på den andre sida misser uføretrygda barnetilskotet, og det fører til at dei får ein vanskelegare økonomi, seier Bekkevold.

Bratsbergbanen

Bratsbergbanen er ein av dei lokale sakene Bekkevold vil kjempe for innanfor Kristeleg Folkeparti, men han seier at der er dei avhengig av draghjelp frå Venstre si stortingsgruppe.

– Det må bli gjort fleire viktige grep for Bratsbergbanen. Blant anna tilpassing til Sørlandsbanen og elektrifisering fram til Notodden stasjon. Blir det gjort, trur eg banen har ei framtid, seier Bekkevold.

Han meiner det er klimamessig det same som å rygge baklengs inn i framtida å legge ned jernbanestrekningar.

– Det er eit veldig dårleg val, seier Bekkevold.

Pressestøtte og NRK lisens er andre saker som Geir Bekkevold meiner blir viktig i arbeidet med eit budsjettforlik.