Hopp til innhold

Var påverka av alkohol då han krasja

21-åringen som er sikta for forsettleg drap og drapsforsøk var påverka av alkohol da han kolliderte med ein annan bil på E18 natt til 1. januar i år. Ein familiefar blei drept, kona og tre barn blei skadd.

Dødsulykke på E18 i Larvik natt til 1. nyttårsdag

Det var natt til 1. nyttårsdag kollisjonen skjedde mellom Larvik og Porsgrunn på E18. Sjåføren som er sikta køyrde i motsett køyrefelt.

Foto: Geir Eriksen

Politiinspektør Magnar Pedersen seier til NRK at det er analyser politiet har fått av blodprøver som er tatt av mannen som viser dette.

21-åringen blei for ei veke sidan skriven ut frå sjukehuset og overført til arresten. Der vil han sitte i fire veker, mens politiet held fram med å etterforske saka.

– Vi ventar på ein del analysar frå vegvesenet, men det vil vi ikkje få før om ein månad, seier Pedersen.

Forsettleg drap og drapsforsøk

Mannen frå Bergen er sikta for forsettleg drap og drapsforsøk på E18 natt til 1. januar.

Mor, far og tre barn var på veg heim til Skien då bilen med 21-åringen bak rattet krasja inn dei. Frontkollisjonen førte til at familiefaren, 47 år gamle Azad Hamam, døde 1. januar.

Mora til dei tre barna på sju og fem år og ein 11 månader gammal baby blei sendt til sjukehus med alvorlege skader.

Femåringen fekk også skader i ulykka, men er utskriven frå sjukehuset.

Les også:

Ikkje ferdig med avhøyr

Politiet har no fått analysen av blodprøva som blei teken av mannen etter ulykka.

– Den viser at han var påverka av alkohol då han køyrde bilen, seier Pedersen.

Politiet vil ikkje fortelje kor mykje promille mannen hadde då han kolliderte, fordi politiet ikkje er ferdig med å avhøyre mannen.

– Han var påverka av alkohol over det som er tillaten grense for å køyre bil, seier Pedersen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark