Fire anmeldte valdtekter på Countryfestivalen

Fire kvinner har anmeldt voldtekter under årets Countryfestival i Seljord. Ein mann er arrestert.

Countryfestivalen i Seljord

Politiet har arrester ein mann og sikta han for valdtekt på Countryfestivalen.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Countryfestivalen i Seljord kallar seg Nordens største countryfestival. I løpet av festivalen, frå onsdag til søndag, var det cirka 25.000 besøkande på Countryfestivalen, ifølgje tal frå politiet.

Men fire valdtektssaker kastar mørke skuggar over det fem dagar lange arrangementet. Den første valdtekta skjedde natt fredag, og den andre natt til laurdag.

Torodd Aase

Lensmann i Seljord, Torodd Aase. (Arkivfoto)

Foto: Per Simon Mustvedt / NRK

– Dei to siste valdtektene skjedde natt til sundag, seier lensmann Torodd Aase i Seljord.

Valdtektene skjedde inne på festivalområdet, men politiet er sparsame med opplysningar av omsyn til etterforskinga.

– Alle dei fire kvinnene er i tjue åra og frå forskjellige kantar av landet. Dei har vore nede på valdtektsmottaket ved Sjukehuset Telemark og har blitt undersøkt, seier Aase.

Korleis valdtektene skjedde vil politiet førebels ikkje opplyse om.

Ein mann arrestert for valdtekt

Det har blitt meldt fire valdtekter i løpet av dei fem dagane Countryfestivalen varte.

– Ein person, ein mann i 20 åra frå Bergen, er arrestert og sikta for valdtekt, seier Aase.

Han blei pågripen natt til søndag. Han har ikkje innrømma valdtekt i avhøyr hos politiet.

– I utgangspunktet er vi fornøgd med festivalen. Det er eit år på det normale med unnatak av dei fire valdtektene, seier Aase.

Det er blitt meldt valdtekter også tidlegare på Countryfestivalen, men ikkje så mange som fire i løpet av festivalen.

– Det er eit stort tal og veldig synd for dei fire kvinnene dette går utover, seier Aase.

Politiet har ikkje noko aning om det er ein samanheng mellom dei forskjellige valdtektene.

– Vi har få spor å gå etter i dei tre andre valdtektssakene, men utover det vil eg ikkje uttale meg meir om sakene av omsyn til etterforskinga, seier Aase.

Mykje fyll i varmen

Politiet hadde i løpet av festivalen 16 personar innom arresten i Seljord, tatt inn frå festivalområdet.

– Inntrykket frå årets Countryfestival er at det har vore meir fyll enn det som har vore tilfelle ved tidlegare festivalar. Det kan skuldast det varme vêret, seier lensmann i Seljord, Torodd Aase.

Han seier at ved tidlegare Countryfestivalar har det vore opp til 30 personar innom arresten.

Det er oppretta tre valdssaker mot vektarar på festivalen. Her er gjerningsmennene kjente, og det blir oppretta sak.

Lensmannen i Seljord meiner arrangørane av Countryfestivalen i Seljord er flinke til å ha vakter rundt om på området.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark