Jenta har valt å bere fram barnet, som no veks opp hos ho. DNA-testar syner at den dømte mannen er far til barnet.
Ifølgje dommen er det få saker i norsk rettspraksis det er mogleg å samanlikne saka med.
Mannen budde saman med jenta og mor hennar i Telemark da overgrepet skjedde. Han er også dømt til å betale 300 000 kroner i erstatning til jenta.
I dommen står det at tingretten har lagt stor vekt på trauma jenta har blitt påført som følgje av hendinga. Dommen er samrøystes.
– Trauma som oppstår i etterkant av dette, kan til ein viss grad samanliknast med kjende traume som oppstår etter valdtekt som er brukt som våpen i konflikt, står det i dommen.
Ba han om å slutte
Jenta har forklart at valdtekta skjedde ein morgon ho og stefaren var aleine heime.
Ifølgje dommen har mannen ved bruk av makt utført samleie med stedottera mot hennar vilje. Jenta forklarte at ho heile tida bad stefaren om å slutte.
Nekta straffeskuld
Den dømte mannen har heile tida nekta straffeskuld, og har ei annan forklaring på kva som skjedde.
Ifølgje mannen gjennomførte han samleie i den tru at det var sambuaren som var med han. Det var ikkje før etterpå han skjønte at det var stedottera, hevdar han sjølv.