Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i Skien

Væpna politiet har rykka ut til ei adresse i Odins gate i Skien etter at ein mann blei stukken med kniv. Tre personar er arrestert.

Politiet omringar blokk i Odins gate i Skien

Væpna politi søker etter ein gjerningsmann

Foto: Theo Aasland Valen

Politiet fekk klokka 14.50 melding om at ein blodig person oppsøkte treningssenteret på Falkum i Skien.

Mannen opplyste at han var blitt stukken med kniv.

På Twitter opplyser politiet opplyser at mannen stod fram som lettare skadd, og er køyrt til sjukehus.

Politiet har søkt i området etter gjerningsmann.

Laster Twitter-innhold

Klokka 15 opplyser politiet at tre personer er arrestert i Odins gate. Politiet mistenker at dei har tilknyting til knivstikkinga, og dei er satt i arresten og ventar på å bli avhøyrt.

– Det er opplysningar frå den fornærma i saka og underøkingar som politiet har gjort som førte til at politiet aksjonerte mot ei adresse i Odins gate, seier operasjonsleiar Terje Pedersen i Sør-Øst politidistrikt, avdeling Telemark.

Laster Twitter-innhold

Politiet ønskjer tips frå publikum som kan ha observert noko i området ved Stevneplassen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark