Hopp til innhold

Utset konfirmasjonar fleire stader

Biskopane i Den norske kyrkja vil sørge for at så mange familiemedlemmar som mogleg får kome i konfirmasjonar.

Prins Sverre Magnus ble konfirmert i september i fjor.

KONFIRMANT: Prins Sverre Magnus var ein av mange som blei konfirmert i fjor haust.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Bispemøtet har bedt kyrkjelydane rundt om i landet avgjere om dei vil utsette vårens konfirmasjonar eller ikkje.

Mette Rosland Tveit frå Skien har ein 15-åring som skal konfirmerast, og synest det er heilt greitt at seremonien truleg blir i september og ikkje mai.

– I mai hadde vi ikkje fått samla heile familien, det er viktig på ein slik dag, seier Tveit.

Ho håpar smittesituasjonen roar seg utover året.

Mette Rosland Tveit i bunad.

UTSET: Mette Rosland Tveit synest det er greitt at 15-åringen i huset konfirmerast til hausten. – Han har ikkje sagt noko, men eg trur han er einig, seier ho.

Foto: Privat

Ber kyrkjelydane avgjere

I 2019 blei 54 prosent av landets 15-åringar konfirmert i Den norske kyrkja. Ein stor andel av konfirmasjonane skjer mellom april og juni. Dette påverkar difor mange familiar.

Det er opp til kvar enkelt kyrkjelyd å bestemme om konfirmasjonane skal utsettast.

Preses Olav Fykse Tveit i Bispemøtet seier dei anbefaler kyrkjelydane å ta ei avgjerd så fort som mogleg.

– I fjor blei mange utsett i løpet av kort tid. Det er mange som er involvert i ein konfirmasjon, så ein bør ha god tid, seier han.

Menneske frå hele landet

Ein annan årsak til at bispemøtet ynskjer å vite kva som skal skje i god tid, er at konfirmasjonar ofte samlar menneske frå hele landet.

– Nokon har ei bestemor på ein kant og ein onkel på ein annan kant av landet. Det gjev ein ekstra usikkerheit, plutseleg kan ein region bli lukka, seier han.

I Human-Etisk Forbund har dei ikkje gått ut med ein nasjonal anbefaling til alle lokallag. Det har derimot blitt vedtatt nasjonale retningslinjer for korleis ein skal halde årets konfirmasjonar.

– Det er opp til våre lokallag å avgjere om ein vel å utsette eller ikkje. Det skal avhaldast på ein trygg måte, seier Trond Enger, generalsekretær i Human-Etisk Forbund.

Fleire utset

450 konfirmantar i Siljan, Porsgrunn og Skien må belage seg på ein konfirmasjon omringa av haustfargar på trea.

Prost Liv Espeland Jettestuen i Skien seier utsettinga vil gjere at konfirmantåret blir forlenga og at det kan gå utover nye konfirmantar.

– Det kan vere at oppstarten for nye konfirmantar blir forskuva noko, men det vil ikkje gå mykje utover dei, seier Jettestuen.

Prost Liv Espeland Jettestuen.

PROST: Liv Espeland Jettestuen jobbar i Skien prosti som inkluderar Siljan, Porsgrunn og Skien.

Foto: Skien Prosti

I tenkeboksen

I Oslo bispedømme er det berre tre kyrkjelydar som har konfirmasjonar på våren. Éin av desse har allereie utsett sine konfirmasjonar til hausten. Dei to andre er i tenkeboksen.

– Difor har det ikkje gått ut noko generelt råd frå biskopen om vårens konfirmasjonar, seier Johannes Ek Reindal, kommunikasjonsrådgivar i Oslo bispedømme.

I Bjørgvin bispedømme, som omfattar Bergen, har det kome eie anbefaling frå biskopen at ein skal utsette til hausten.

Det er likevel nokre kyrkjelydar, med lite smittetrykk som framleis ynskjer å halde konfirmasjonane nå i vår.

– Det er opp til kvart kyrkjelydsråd å ta den avgjerda, seier Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef i Bjørgvin bispedømme.

Haustkonfirmasjon

I Møre og Romsdal har dei fleste kyrkjene valt å utsetje konfirmasjonane til hausten, fortel biskop i Møre Ingeborg Synøve Midttømme.

– På Nordmøre og i Molde har dei fleste valt å utsetje. På Sunnmøre er det mange kyrkjer som alt har tradisjon for haustkonfirmasjon. I tillegg er det fleire kyrkjer i bispedøme som ikkje har tatt avgjeda enno, seier Midttømme.

Nokre få kyrkjer vurderer å gjennomføre konfirmasjonar i mai som planlagt, fortel biskopen. Ho vil ikkje seie kven det er, fordi dei ikkje har tatt ei endeleg avgjersle enno.

– Eg støttar dei uansett kva dei landar på. Dette er ikkje enkelt, for det er vanskeleg å seie kva situasjonen er i mai, men også til hausten. Det viktigaste er at kyrkjene set ungdommane fyrst og prøver å gi dei ein så fin konfirmasjon som mogleg, seier biskopen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark