– Eg tenkte fyrst at eg kanskje hadde fått ei støvel på kroken slik som Donald Duck pleier å få, smiler Tom Erik Økland.
Han stod å fiska ved sundet Dypingen i Langesund da han plutseleg fekk napp på kroken. Det han fyrst trudde var ein støvel synte seg å vere ein bit korall.
– Pulsen byrja å slå litt fortare når eg skjønte kva eg hadde i hendene, seier Økland.
Den døde korallbiten var av typen Lophelia. Ein art som står på raudlista til Artsdatabanken, med status som "Nær truga" (NT).
– Sidan denne biten er ganske stor tyder det på at det har vore ein levande koloni her i området på eit tidspunkt. Kanskje er det noko her framleis, seier Økland.
Det var Tom Erik Økland som fekk fangsten på kroken.
Foto: Solfri Leirgul Øverbø / NRKVil sjekke området
Kaldvasskorallen finst langs store deler av norskekysten, men mellom Hvaler i Østfold og Ryfylke i Rogaland er det ingen andre kjente bestandar. Korallen bryr seg ikkje om skipstrafikk og liker seg best på mellom 50- og 100 meters djup.
– Denne korallbiten har nok liggje død ei stund, men denne var ganske fin og kvit i toppane, så det kan tyde på at det finst meir, seier havforskar Jan Helge Fosså.
Jan Helge Fosså er forskar ved Havforskingsinstituttet.
Foto: HavforskningsinstituttetHan meiner dette er eit spennande funn fordi det manglar opplysningar om arten langs heile kysten av Sør-Noreg. Han får støtte frå staten, som ikkje ser bort frå at ein no må sjå nærare på desse havområda.
– Dette funnet tyder på at det finst meir korallar langs kysten enn me veit om. Me meiner difor ein burde setje i gang meir systematiske undersøkingar, seier Trond Eirik Silsand, som er seniorrådgjevar ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Telemark.
Trond Eirik Silsand, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Telemark, vil undersøke funnet nærare.
Foto: Petter Melsom / NRKKven som eventuelt skal starte med undersøkingane er Silsand førebels usikker på, men han trur det for kan verte Havforskingsinstituttet som vil få oppgåva.
Om det skulle syne seg å vere korallar ute i fjordane her, bør området da vernast?
– Det er nok for tidleg å seie noko om enno. Fyrst må me skaffe oss meir kunnskap om områda her, seier Silsand.