Hytteutleige tek av – fekk over tusen førespurnader på to dagar

Då Morten Bringsrud la ut hytta i Portør til leige, rann det inn med førespurnader. Ifølgje Finn.no er dei ivrigaste villige til å bla opp dobbel pris for å leige ei hytte i sommar.

Morten Bringsrud

«ALLE VIL LEIGE HYTTE»: Morten Bringsrud opplevde enorm pågang då han la ut hytta til leige.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Den kvitmåla hytta ligg idyllisk til inst i Portør hamn i Kragerø.

Med to soverom og hems i tillegg til anneks, var det svært mange som viste interesse då Bringsrud la annonsen ut på nett.

– Tok heilt av

– Vi hadde over tusen førespurnader på to dagar. Det tok heilt av, fortel han til NRK.

Førebels har han leigd ut hytta tre veker i juli, men kunne enkelt fylt ho med leigetakarar til langt ut på hausten.

Den vesle tettstaden har alltid vore ein populær feriestad, men så mykje folk som det er no, har han aldri sett før.

– Ein merkar godt at det har vore korona og at fleire vel noregsferie. Det er eit hav av folk her no. Veldig moro, seier hytteeigaren.

Enorm pågang

Ifølgje Terje Berge, kommersiell direktør i Finn Reise, er interessa for å leige feriehus i Noreg større enn nokon gong.

Reiselivsguru i FINN Reise, Terje Berge.

Terje Berge, kommersiell direktør for Finn Reise.

Foto: Finn Reise

– Talet på dei som har besøkt feriehusseksjonen på Finn.no, har firedobla seg samanlikna med fjoråret, så det har vore eit vanvettig trykk i år, seier han til NRK.

Han har vore i kontakt med utleigarar på Sørlandet som har fått dobbel pris denne sesongen.

– Dei hadde tenkt å leige ut for 15.000, men fekk tilbod om det dobbelte. Her er det først til mølla, seier han.

Berge trur det kan bli utfordrande å få leigd eit feriehus i juli.

– Det er rett nok rekordmange som har lagt ut hytta for leige òg, men no i juli byrjar det å bli tynt. I august er det derimot framleis nokre moglegheiter.

Sør- og Vestlandet på topp

Det er hytter ved sjøen, gjerne dei som har tilgang til båt som er mest populære å leige. Sørlandshytter er øvst på nordmenns liste, mens Vestlandet er hakk i hæl.

Dei to siste åra har hytteutleigar Tonje Skønberg leigd ut sjøeigedomen sin på Austevoll utanfor Bergen i sommarhalvåret. Skønberg seier ho er glad for at ho i år får dele hytta med nordmenn.

Hytteeier Tonje Skønberg

– GÅR I PLUSS: Hytteeigar Tonje Skønberg leiger ut hytta si på Austevoll utanfor Bergen. Ho er veldig nøgd med sommarinntekta.

Foto: Karoline Finnema / NRK

– Me fann denne staden for ein del år sidan og hadde lyst til å gje gjester den same kjensla som me fekk. Eg synest det er kjekt å kunne tilby nordmenn ei fin oppleving. Tidlegare kom bestillingane hovudsakleg frå vestlendingane. I år kjem det også mange austlendingar, seier ho.

Utleidd i Danmark

Ein ser dei same tendensane på den andre sida av Skagerrak, som også påverkar marknaden i Noreg.

– Danskane har fylt opp feriehusa sine sjølve, med unntak av tyskarar som har teke rundt 15 prosent av leigemarknaden der i sommar. Så då er det òg danskar som bookar i Noreg i år, fordi det er fullt i Danmark. Denne sommaren er heilt unik, seier Berge.

Veldig mange har òg vist interesse for å leige båt, bubil og campingvogn i år.

Etter årets suksess er hytteeigaren i Portør temmeleg sikker på at det blir utleige i åra som kjem òg.

Hytta i Portør har vist seg å være svært populær som utleieobjekt.

Det var svært mange som ville leige denne hytta i Portør. Andre stader i landet erfarer eigarane at folk er villige til å betale dobbel pris.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Vi skal flytte inn i nabohuset permanent, så då blir hytta ofte ståande ledig uansett, seier Bringsrud.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 05.08.2020
9362
Smittet
11
Innlagt
256
Døde