Hopp til innhold

Utanlandske prostituerte lèt som om dei kjem frå Ukraina

Kvinnene fortel politiet at dei får fleire kundar ved å seie at dei er frå det krigsherja landet.

Montasje av profiler som oppgir at de er ukrainske på en norsk eskorteside.

Fleire kvinner annonserer med at dei kjem frå Ukraina på nettsider for eskortetenester. Det er uklårt om det stemmer for alle.

Grafikk: Henrik Bøe / NRK

Sal av sex i Noreg er ikkje straffbart, og mange kvinner kjem hit for å jobbe som prostituerte.

Politiet har oppdaga eit nytt mønster for utanlandske prostituerte. Mange skriv i annonsane sine at dei er frå Ukraina.

– Kvinnene pleier vanlegvis ikkje å opplyse om kva nasjonalitet dei har. Der merka me ei endring, seier Sindre Kleppe, som er etterforskingsleiar for menneskehandel i Sør-Aust politidistrikt.

Fleire kundar

Politiet håpar ikkje norske menn aktivt søker ukrainske prostituerte i samband med krigen.

– Det er i så fall kynisk, men det er ingenting som overraskar oss lenger, seier Lena Reif, som er leiar for etterretning og etterforsking i Sør-Aust politidistrikt.

Lena Reif

Lena Reif er leiar for felles eining for etterretning og etterforsking i Sør-Aust politidistrikt.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Etterforskningsleiar Sindre Kleppe, er ofte i kontakt med prostituerte i samband med menneskehandel.

Fleire han har snakka med dei siste månadane har ikkje ukrainsk pass, sjølv om dei annonserer seg som ukrainarar på internett.

Kvinnene fortel politiet at dei får fleire kundar ved å seie at dei kjem derfrå.

– Dei har pass frå blant anna Litauen, Moldova og Spania. Me har også sett prostituerte frå Russland som lèt som dei kjem frå Ukraina.

På ei av dei største nettsidene der prostituerte legg ut annonsar, er det ingen som seier dei kjem frå Russland.

Skjermdump av nasjonaliteter som er oppgitt på en nettside der prostituerte annonserer. Ingen har oppgitt russisk nasjonalitet.

Nasjonalitet er skrive i alfabetisk rekkefølge. Ingen seier at dei kjem frå Russland.

Grafikk: Skjermdump

Omsorg og skam

Sexolog Live Mehlum seier krigen høgst sannsynleg er årsaka til at fleire prostituerte lèt som dei kjem frå Ukraina.

Mehlum har tidlegare vore prosjektleiar i organisasjonen Reform, som er eit resurssenter for menn. Der snakka ho med om lag 500 menn som har kjøpt sex.

– Det er knytt mykje skam til kjøp av sex. Så viss ein mann kjøper sex frå ei ukrainsk kvinne kan det vere med på å rettferdiggjere kjøpet, og gjere den dårlege følelsen rundt kjøpet mindre.

Mehlum peiker på at mennene som kjøper sex fort kan ta ei omsorgsrolle i møte med ukrainske prostituerte.

– Dei tenker nok at desse kvinnene er i ein vanskeleg situasjon, og at dei har opplevd mykje fælt. I tillegg kan det vere at dette maskuline omsorgsgenet i mannen blir vekka litt, seier Mehlum.

Ifølgje sexologen har 13 prosent av norske menn kjøpt sex ein gong i livet. Politiet åtvarar, og minner om at kjøp av sex i Noreg er straffbart med bøter på minst 25.000 kroner.

Live Mehlum, sexologisk rådgjevar

Live Mehlum er sosiolog og sexolog.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Profesjonelt nettverk

Etterforskarane veit at mange av desse kvinnene ikkje jobbar frivillig som prostituerte, og at dei blir styrt av profesjonelle nettverk.

I sommar blei eit slikt nettverk rulla opp i Oslo, da politiet aksjonerte mot eit hemmeleg bordell.

Dei som kjøper sex bidrar til å halde desse profesjonelle nettverka i gang. Lena Reif i politiet understrekar at ein ikkje hjelper kvinnene ved å kjøpe sex av dei.

– Du kan bidra positivt på heilt andre måtar enn å kjøpe sex av ukrainske kvinner. Me veit ikkje kva situasjon desse kvinnene er i, og det er ei sårbar gruppe, seier Reif.

Sexolog Mehlum seier det finst hjelp til menn som ønsker å slutte med sexkjøp.

– Det viktigaste er at du snakkar med nokon.