Den norske krona er kritisk svak. Nå kostar euroen over 12 kroner og dollaren over 11 kroner.
Høge importprisar, svak krone og utanlandsk arbeidskraft som sviktar bekymrar norske bedrifter.
Bekymra
Isolas fabrikk i Porsgrunn produserer produkt til tak, vegger og golv. Trass i nedgangstider, har dei trudd på betring og satsa i ny fabrikk på Notodden.
Men uroa i verdsøkonomien får store konsekvensar for dei.
– Akkurat no er det litt dramatisk. Eg er engsteleg på bransjens vegne, seier Bjørnar Gulliksen, administrerande direktør i Isola.
Bedrifta importerer 80 prosent av råvarene sine, og kjøper enten i dollar eller euro.
I byggebransjen er det normalt mange gjestearbeidarar.
– Mange av dei synest dei tener veldig lite når dei får betalt løn i kroner og skal veksle det om til zloty eller noko anna, seier Gulliksen.
Mange av arbeidarane har allereie flytta heim fordi det har vore for lite å gjere i byggjenæringa over tid.
Ber om tiltak
Isola-direktøren uroar seg for kva som vil skje når eller om aktiviteten i næringa tek seg opp igjen.
– Når ting eventuelt snur, vil det vere få folk til å jobbe. Vi mistar mykje kompetanse i bransjen, seier han.
Rentereduksjonen han og mange andre har venta på for å få meir fart i næringa, kan man foreløpig sjå langt etter med den siste kronesvekkelsen, trur Gulliksen.
Direktøren ber styresmaktene komme med motkonjunkturtiltak, altså grep som kan få meir fart i bustadbygginga.
Han nemner eksempelvis energieffektivisering av eksisterande bygg og tiltak som styrker krona.
– Eg er redd byggebransjen fell enda meir. Vi styrer mot ei bygging no som er den lågaste sidan 1944. Det er på høy tid med tiltak, meiner han.
– Det verste for våre bedrifter
Regiondirektør i NHO, Kristin Saga seier at deira medlemsbedrifter generelt slit fordi dei manglar folk.
– Mangel på kompetanse er det verste for våre bedrifter fordi det er helt avgjerande at ein har nok folk og riktig type kompetanse for å levere produkt og tenester.
6 av 10 bedrifter svarer i NHOs kompetansebarometer at dei manglar kompetanse for å skape resultata dei ønsker.
– Når kronekursen kjem oppå det, slik at ein heller ikkje klarer å få tak i den utanlandske arbeidskrafta ein elles har hatt godt av, blir problemet ekstra stort, seier Saga.
Problemet arter seg ulikt frå bransje til bransje.
Reiselivsbedrifter manglar kokker og servitørar. Der dei tidlegare henta tilsette frå utlandet for å fylle hola i vaktplanen, slit dei no med å få tak i dei.
Byggebransjen har hatt ein lang periode med nedgang i aktivitet.
– Når aktiviteten tek seg opp igjen og dei ikkje klarer å skaffe nok kompetanse, vil det og vere ein bransje som slit, seier Saga.
Fordeler for nokon
For nokre bedrifter er lav kronekurs også ein fordel.
Reiselivet opplever at utanlandske turistar kjem til Noreg fordi det er billigare å feriere her.
– Men dei manglar da kompetanse som gjør at dei kanskje ikkje klarer å levere like mykje og like godt som dei elles ville gjort. Så da får du ein spesiell situasjon, seier Saga.
Eksportindustrien kan oppleve godt sal fordi det er rimelegare å kjøpe varer frå Noreg enn frå andre land.