Mange sørger utanfor heimen til Mandela

Utanfor heimen til Nelson Mandela har det samla seg store menneskemengder som dansar, syng og legg ned blomster.

Bergit Sønstebø Svenseid

Reporter Bergit Sønstebø Svenseid frå Drangedal utanfor Nelson Mandela sin heim i Johannesburg.

Foto: Privat

Fredag morgon hadde det samla seg masse menneske utanfor heimen til Nelson Mandela i Johannesburg. Der var det dans og sang, slik tradisjonen er når folk er i sorg.

– I dag er eg bare trist, men også Mandela måtte få sleppe, sa ein av dei sørgande utanfor Mandelas heim, fortel Bergit Sønstebø Sveinseid som er utan for heimen til Nelson Mandela.

Seint torsdag kveld fekk folk i Sør-Afrika nyheiten om at tidlegare president i Sør-Afrika, Nelson Mandela, var gått bort.

– Mange sov nok då. Men vi satte oss i bilen og kjørte til Johannesburg til heimen til Nelson Mandela tidleg fredag morgon, seier Sønstebø Svenseid på telefonen til NRK.

Les også:

(Artikkelen fortset under videoen)

Sang og dans utenfor Mandelas hus

Folk sørgar med sang og dans utanfor heimen til Nelson Mandela fredag morgon.

Sørgar med sang og dans

Det er no mange medier som no er til stades for å rapportere utanfor heimen til den tidlegare statsleiar og fridomskjemparen.

– Folk har strøymd til og dei sørgar på sørafrikansk vis. Det vil seie at dei dansar, syng og dei legg ned blomster, seier Sønstebø Svenseid.

Ho fortel at det er tradisjon i Sør-Afrika å danse når ein er glad og når ein sørgar. Og det strøymer stadig til nye folk utanfor heimen til Nelson Mandela spom har vakna opp til nyheiten.

– Mandela sitt legeme er alt frakta til Pretoria og militærsjukehuset der. Men når folk vaknar opp i Sør-Afrika i dag kjem ein til å sjå scener som dette her over heile landet, seier Sønstebø Svenseid.

Menneske og fridomskjemparen

Bergit Sønstebø Svenseid bur i Sør-Afrika, og har budd der i fleire år saman med ektemannen Jostein Hole Kobbeltvedt som arbeider i Kirkens Nødhjelp. Bergit Sønstebø Svenseid er journalist og har jobba i NRK Telemark.

Ho fortel at Nelson Mandela blir sett på som ein landsfader, og er utruleg viktig for folk i landet.

Folk har vore førebudd på at han skulle døy, men det har nok kome som eit stort sjokk likevel, så dette blir ei landesorg.

– Men Mandela er også eit menneske for folk her i Sør-Afrika, og ikkje berre idolet som ein kjenner i vestlege land. Så her sørger dei over fridomskjemparen og menneske Mandela.

Bergit Sønstebø Svenseid fortel at det er spesielt å vere til stades utanfor heimen til Nelson Mandela og oppleve stemninga.