Hopp til innhold

Har porselensfabrikken ei framtid i Porsgrunn?

Blir det framleis mogleg å dra til Porsgrunn og kjøpe norsk porselen? Det er eit av dei mange spørsmåla som skal avklarast framover.

Siri Krohn-Fagervoll med verdas største porselenskopp

Denne koppen representerer fagkunnskap, godt handverk og rike tradisjonar

Foto: Anne Lognvik / NRK

Verdas største stråmønsterkopp er eit klenodium som vaktar porselensutsalet i Porsgrunn, men glansdagane er over for porselenshovudstaden i Noreg. Det aller meste av produksjon er flagga ut, berre nokre få produkt blir framleis produserte i Porsgrunn.

Området der Porsgrund Porselænsfabrikk ligg, er kjøpt opp av ein privat eigedomsutviklar. Store delar av dei gamle fabrikklokala blir omgjort til eksklusive leiligheitar med utsikt til elva.

PP-senteret og porselensfabrikken

Det store nye kjøpesenteret har fått namn etter fabrikken

Foto: Anne Lognvik / NRK

Er PP framleis liv laga? Det skal eit treårig prosjekt avklare. Nær seks millionar kroner har Porsgrunn kommune, Telemark fylkeskommune og Telemark Utvikling betalt inn i prosjektstøtte for å sjå om det er mogleg å lage den gamle fabrikken og området rundt om til ein moderne design- og turistattraksjon.

Les og:

Siri Krohn-Fagervoll
Foto: Anne Lognvik / NRK

Nytenking og samarbeid

– Skal det vera mogleg å få til noko som gjev inntekter og lønner seg, må det omstilling til på alle plan, seier prosjektleiar Siri Krohn-Fagervoll. Prosjektet er eit samarbeid mellom både dei private aktørane med Atle Brynestad og Bratsberggruppen i spissen, og dei offentlege aktørane med Porsgrunn kommune og Telemark Museum i spissen.

Museale og konserverande utstillingar er ikkje lenger publikumsmagnetar, ei porselensutstilling trekkjer meir folk når den er i eit aktivt levande miljø meiner prosjektleiaren. Viss dei lykkast med prosjektet, meier Krohn-Fagervoll at det nye porselenssenteret vil kunne trekkje til seg folk frå heile landet. Det endelege svaret får ein fyrst om eit par år når prosjektet blir avslutta.

Kunde Hans Jørgensen og ekspeditør Britt Lien i kassa på PP

Både dei tilsette og kundane håpar at porselensutsalet og fabrikken skal ha ei framtid i Porsgrunn

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dei tilsette er spente

– Det har vore veldig utrygt dei siste åra, så eg håpar det blir litt betre no, seier Britt Lien som jobbar i porselensutsalet. For eigen del har ho berre eit halvt år att til pensjonsalder, men ho håpar at yngre kollegaer vil kunne ha ein arbeidsplass på PP også i framtida.

– Dette er årestaden til porselensproduksjonen så vi kryssar fingrane for at det går bra avsluttar Lien. Kunde Hans Jørgensen er einig, han har kjøpt seg nokre elegante kaffikoppar som han satsar på at fell i god jord når han kjem heim til kona.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark