Hopp til innhold

UP var ute på vegen i natt

Politiet stansa ei kvinne som køyrde bil i Drangedalsvegen i Porsgrunn i natt. Det er mistanke om rus, og prøver er tatt. Kvinna fekk førarkortet beslaglagt. I Skien stoppa politiet ein bil med 16 år gamal førar. Han blir meldt for dette. I tillegg fekk ein bilførar beslaglagt førarkortet etter å ha køyrt i 61 km i timen på Bølevegen. Føraren hadde 8 prikkar frå før.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark