UP gav mange bøter

37 personar fekk bøter på vegane i Telemark da UP heldt maratonkontroll i går. I tillegg mista ein person førarkortet, seier distriktssjef for UP i Vestfold og Telemark, Andreas Rødø. Til saman hadde UP mellom 7 og 10 kontroller i Søndre del av Telemark. Rødø seier til avisa at UP ikkje hadde kapasitet til å dekke øvre delar av fylket.

Andreas Rødø
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK