Hopp til innhold

Unngå innbrot mens du er på ferie: Sikkerheitstips for heimen

Sol, grilling og ferie. Sommaren kan følast som ein evig fest for folk flest, også for tjuvane.

tyver i vestfold

PASS PÅ: Sommaren er høgtid for innbrot. Bildet er frå eit innbrot i Vestfold hausten 2023. 

Foto: PRIVAT

I fjor blei det meldt inn 38 294 saker knytt til innbrot og tjuveri frå privatbustader.

Det er rundt 600 fleire tilfelle enn året før, viser skadestatistikken til bransjeorganisasjonen Finans Norge.

Ifølge seksjonsleiar i førebyggande i Skien, Tor Ragnar Steffensen, ser politiet ofte ein auke i denne typen kriminalitet rundt høgtidene.

– Alt som kan indikere på at folk er ute og reiser er jo eit poeng i dette.

Tor Ragnar Steffensen, seksjonsleder for forebyggende enhet, politiet i Grenland

Tor Ragnar Steffensen, seksjonsleiar for førebyggande eining, politiet i Grenland

Foto: john-andre samuelsen / john-andre samuelsen

Her er nokre tips til korleis du kan unngå ubedne gjestar i heimen mens du er på ferie.

Les også Må gjemme populære produkter for å stoppe tyveri

Venninnene Natasha Johannessen og Mathea Gustavsen solli torr press er årsaken til at noen stjeler produkter som trender.

Få det til å sjå ut som du er heime

Fleire tjuvar overvaker over lengre tid for å sjå om det er rørsle i den utvalde bustaden.

Det kan derfor vere lurt å få det til å sjå ut som du er heime, sjølv om du ligg på stranda i Spania.

– Det er lurt å ha tidsbrytarar slik at lysa kjem på innimellom, så det ikkje alltid er mørkt, seier Steffensen.

Lerpevegen

– Éin av ønskedraumane til innbrotstjuvar er hus med høge tujahekkar rundt, seier Clementz.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Avtal med naboen

Både politiet og forsikringsselskap meiner at det luraste du kan gjere for å unngå innbrot, er å vere ein god nabo.

– Hjelp kvarandre med å ta inn posten, og legg gjerne litt søppel i søppelkassa til naboen viss vedkommande er borte, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

Han oppfordrar også folk på følge litt ekstra med i nabolaget.

– Meld frå til politiet viss du oppdagar personar eller bilar du mistenker kan vere ute på rekognosering for å finne moglege stader å gjere innbrot.

Les også Politiet: Verste tyveribølge på 50 år – mange er redde

Bilde fra huseier. Uvedkommende henter pakke ut fra postkassen.

Avgrens Some-vennene

Både Steffensen og Clementz påpeikar at det er sjeldan at tjuvar følger med på sosiale medium.

Likevel meiner begge at det kan vere greitt å vere meir obs på kven som følger med på feriebilda i år.

– Det er lurt å ha eit aktivt forhold til kven som kan sjå postane, men kanskje ikkje først og fremst fordi innbrotstjuvar kan gå inn på dei sosiale medium dine, seier Clementz.

Emojis som forbindes med alkohol

Forsikringsselskapa har tidlegare åtvara mot å poste feriebilde på sosiale medium.

Foto: Helene Myre

Ver merksam på merking av huset

I nyare tid har det vore fleire tilfelle der tjuvar har markert hus dei trur står tomme.

Teip på døra, lapp i dørsprekken eller småpengar lagd på trammen. Det dukkar stadig opp nye variantar.

Folk bør følge ekstra med på gjenstandar som plutseleg dukkar opp på uvanlege stader.

Fyrstikk i dørsprekken

Ein huseigar i Porsgrunn opplevde i 2019 at ein fyrstikkbit var pressa inn i toppen av dørsprekken. Det same var gjort på fleire hus i nabolaget.

Foto: Privat

Bruk bustadalarm

Ifølge politiet er anskaffing av alarm eit viktig førebyggande tiltak mot innbrot.

Om du allereie har alarm, bør du tenke på at du har sensorar også i andre etasje.

Ifølge If har det vore fleire innbrotsraid opp gjennom åra der tjuvar har komme inn i bustaden via stige.

Les også Tyvenes nye triks: – Jeg fikk nesten ikke sove den natta

Fyrstikk innbrudd