No har alle kommunane i Telemark blitt beden om å rapportere til Fylkesmannen om kor mange unge mellom 18 og 49 år som har langtidsopphald på ein sjuke- eller aldersheim.
Det er helsedirektoratet som har bedt fylkesmennene i landet om å innhente opplysningane for å kunne forbetre tilbodet for denne gruppa.
Går vidare til politikarane
Fylkeslege Steinar Aase.
Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK– For unge mellom 20 og 40 år, så er det ikkje nødvendigvis ei god løysing å bli plassert på ein institusjon der det for det meste er eldre menneske, som kanskje også er demente, seier fylkeslege Steinar Aase.
Fylkeslegen seier at dei unge er i ein heilt annan livssituasjon enn dei eldre. Han har nå sendt ut brev til alle kommunane i Telemark for å hente inn informasjon om kor mange unge som over lang tid bor på aldersheim eller sjukeheim.
– Informasjonen vi samlar inn går vidare til Helsedirektoratet som vil ta den vidare til politiske styresmakter. Og vi veit at mellom anna Stortinget er veldig interessert i desse tala for å planlegge tenestene i framtida, seier Aase.
Les også:
Vil ha fokus på dei unge
– Har de så langt ein indikasjon på kor mange det handlar om?
– Det vi veit er at det på landsbasis handlar om nokre hundre menneske. Vi håpar dette vil vere med å sette fokus på denne gruppa med nokså unge, som ikkje sjølv ønskjer å vere på ein sjuke- eller aldersheim, slik at det kan finnast andre løysingar for dei, seier Aase.
Så langt er det berre tre kommunar i Telemark som har svart. Fristen er 30. mars.
Les også: