Ulykkesbil hadde ikkje bilbelte
Ingen av dei fem som omkom i bilulykka på Rjukan brukte bilbelte. Statens vegvesen si ulykkesanalysegruppe i Region sør opplyser at det ikkje var montert sikkerheitsbelte i bilen. Det er heller ikkje krav om sikkerheitsbelte i ein veteranbil.