Nav-direktøren i Vestfold og Telemark, Terje Tønnesen, trur unge med lite erfaring kan få det tøft på arbeidsmarknaden framover.
– Dei har ikkje den tilknytinga til arbeidslivet som mange vaksne har. Så dei er i faresona og er ei utsett gruppe, seier han til NRK.
Terje Tønnesen, direktør for Nav i Vestfold og Telemark.
Foto: Philip Hofgaard / NRKStort talet på ledige
I Vestfold og Telemark er talet på unge ledige meir enn dobla sidan februar, opplyser Nav.
Totalt er 198 600 personar nå registrert som helt ledige hos Nav, ifølge foreløpige tal publisert 19. mai.
Ingeniørstudent Edgar Heitor José er snart ferdigutdanna, og har allereie byrja å søkje på jobbar.
Han opplever at bransjen han skal inn i er prega av pandemien.
– Ein får beskjed om at situasjonen har endra heile prosessen. Då blir ein jo ekstra redd, men det er ikkje så mykje anna ein får gjort enn å vere positiv og håpe på det beste, seier han til NRK, utanfor studiestaden i Porsgrunn.
Mange nyutdanna kan slite med å få jobb på grunn av korona-pandemien.
Foto: NRKSjølv om han er optimist, forventar han hard konkurranse om jobbane framover.
– Eg har fått tilbakemelding om at det ikkje er så stort behov, eller at situasjonen har endra strukturen i bedrifta og at det ikkje er nyutdanna som blir prioritert. Ofte vil dei ha folk med meir erfaring, seier han til NRK.
Kan bli alvorleg
Tønnesen er bekymra for utviklinga i arbeidsmarknaden for unge nyutdanna.
– Dei er arbeidskrafta i framtida. Vi er heilt avhengige av å få dei inn i arbeidslivet. For deira eigen del med tanke på utanforskapet, men òg fordi samfunnet vil trenge dei som arbeidskraft, meiner han.
Nav-direktøren oppmodar unge jobbsøkarar til å vere offensive i tida som kjem.
– Her er det viktig å vise ansikt, vise kva ein er god for og presentere seg. Ikkje halde tilbake og vere passiv. For det blir endå meir kamp om arbeidsplassane no framover.