Hopp til innhold

Torbjørns time med lærarane

PORSGRUNN (NRK): Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunne ikkje love færre elevar i klassene, slik Utdanningsforbundet krev. I dag var det «Torbjørns time» på Kjølnes ungdomsskole.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Kjølnes U-skole

Foto: Lars Tore Endresen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal reise land og strand rundt i Norge for å presentere regjeringa sitt Lærarløft for lærarar, skuleleiarar og rådgivarar.

Han starta på heimebane i Porsgrunn på Kjølnes Ungdomsskole der far Carl Magne Isaksen er lærar.

Og med mange av dei han sjølv har hatt som lærarar i barnehage og skule til stades på lærarrommet.

Carl Magne Isaksen og Torbjørn Røe Isaksen

Far og son. Carl Magne Isaksen har vore lærar i mange år på Kjølnes ungdomsskole.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Les også: – Noko er bra, men mykje manglar

Lærarane er viktige i skulen

Røe Isaksen fortalde at forsking viser at dei lærarane trivst i skulen, men færre er fornøgd med den status samfunnet vil gje læraryrket. Men han understreka kvifor lærarane og skulen er så viktig.

Torbjørn Røe Isaksen på Kjølnes U-skole

Torbjørn Røe Isaksen vil gjerne ha fleire til å fullføre utdanninga.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Dagens U-land kjem til å bli våre konkurrentar i morgon. Og det er desse dagens 6-åringar må konkurrere med i framtida, sa Røe Isaksen.

Han fokuserte på at tre av ti elevar blir ferdige med vidaregåande opplæring til rett tid, og kva regjeringa vil gjere for å få fleire ungdommar til å fullføre opplæring.

Det var mange på lærarrommet som sette pris på «Torbjørns time» og frå salen kom det ønskje om ein nasjonal standard for kva det vil seie og vere lærar.

Les også: Barn lærer matematikk i leiken

Vil ha færre elevar i klassen

Astrid Danbolt, Utdanningsforbundet i Porsgrunn

Astrid Danbolt i Utdanningsforbundet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Astrid Danbolt frå Utdanningsforbundet utfordra Kunnskapsministeren å på sette ein standard for kor mange elevar ein lærar skal undervise i klassen, fordi det ikkje er lett å vere lærar med 29 elevar i klassen.

– Eg er for fleire lærar i skulen, men eg er ueinig med Utdanningsforbundet i å sette ein norm for kor mange elevar ein lærar skal undervise, sa Røe Isaksen.

Han meinte det kunne føre til skeiv fordeling mellom skulane, og ville gjere det umogleg å sette inn lærarressursar der det trengst mest.

– Dessutan slit vi med å rekruttere lærar, sa Røe Isaksen.

Torbjørn Røe Isaksen på Kjølnes U-skole

Det var fullt på lærarrommet på Kjølnes ungdomsskole då Kunnskapsministeren hadde Torbjørns time.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Les også: Takvam: Røe Isaksen blir kunnskapsminister

Vil vere pilotkommune

Regjeringa vil opprette spesialiststillingar for lærarar, får å gjere læraryrket til ein karriereveg.

– Det kan mellom anna vere snakk om å gje høgare lønn. Men det viktige for oss er å kunne behalde dei gode lærarane i skuleverket, sa Isaksen.

Utdanningsforbundet er fornøgd med Lærarløftet til regjeringa og dei stør Porsgrunn kommune sin søknad om å vere pilotkommune for eit forsøk med spesialiststillingar for lærarar.

– Det er sørgeleg at dei beste lærarane søker utfordringar utanfor skulen, seier Danbolt.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark