Det har gått litt over ei veke sidan DSB sende fem hjelpearbeidarar til jordskjelvramma Tyrkia.
Blant dei er Tommy Flåterud frå Notodden.
– Her er medarbeidarar frå Italia, Kina og Serbia. Ja, heile verda er representert.
I HATAY: Tommy Flåterud er basert heilt sør i Tyrkia i Hatay. Eit av dei hardast ramma provinsane. Flåterud er i tillegg plassert i den hardast ramma delen av denne provinsen.
Foto: Tommy FlåterudDirektoratet har fått førespurnader både frå både EU, Nato og FN. Oppgåva er å hjelpe til med koordinering av hjelpa som kjem til landet.
Svært enkle kår
Over 41.000 menneske er stadfesta døde i det sørlege Tyrkia og tilgrensande område i Syria. Over 35.000 av desse er melde døde i Tyrkia.
Ifølgje tyrkiske styresmakter er over 50.000 bygningar øydelagde eller hardt skadde etter jordskjelvkatastrofen.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) beskriv jordskjelva som den verste naturkatastrofen i den europeiske regionen på hundre år.
Flåteruds jobb er å drifte ein camp for UNDAC support, som hjelper heile det humanitære bidraget med support og koordinering.
Her får søkje- og redningsteam frå heile verda talt, reint vatn, toalett og dusj i svært enkle kår.
Bileta i galleriet under er tekne av Flåterud same dag som han stilte opp i dette intervjuet:
RASERTE BYGNINGER: – Det er svært lite som står av bygninger, sier Tommy Flåterud.
ENKLE KÅR: Tommy Flåterud er i Hatay-provinsen i Tyrkia for å drifte en hjelpearbeidercamp.
STORE ØDELEGGELSER: – Mye er helt rast ned og resten er i dårlig forfatning. Hele området er ødelagt, sier Tommy Flåterud.
REPARERER: En kollega fra Luxemburg skrur på en satellitt.
Skildringane hjelpearbeidarane kjem heim med er sterke.
Sender ekspertise
Flåterud er ein del av eit større team som skal finne ut kva ein må gjere for å få eit godt samarbeid på bakken, forklarer internasjonal koordinator i DSB, Katrine Wold.
Ho fortel at DSB mellom anna har sendt personell som er trente og opplærte for omgåande katastrofehandtering, og koordinering av hjelpebidrag inn i katastrofeområdet.
– I alle slike katastrofar er største utfordring å få oversikt over behova og sørgje for at ein kan få ei oversikt over korleis ein skal kunne kommunisere seg imellom, seier Wold.
CAMPEN FOR HJELPEARBEIDARAR: Jobben til den norske delegasjonen er å drifte campen til hjelpearbeidarar.
Foto: Tommy FlåterudPrøver å skåne seg for inntrykk
Dei bileta vi ser på TV er også den røyndommen Flåterud ser kvar dag, fortel han.
– Det er ein heilt enorm katastrofe. Det er svært lite som står av bygningar. Mykje er heilt rasa ned og resten er i dårleg forfatning. Heile området er øydelagt.
På dagtid er dei ute og jobbar i katastrofeområda. Alle inntrykka gjer at Flåterud går inn i ei jobbeboble. Det er det einaste som fungerer, meiner han.
No er ikkje tida for å ta inn over seg det dei står oppe i, ifølgje Flåterud.
– Det er ei profesjonell og god stemning. Vi er ein stor humanitær familie. Vi har den same driven alle saman.
Ein humanitær familie
Flåterud kjenner seg privilegert som får høve til å hjelpe.
– Det gir veldig mykje. Det humanitære hjartet får verkeleg påfyll.
– Ser du noko håp?
– Det er eit vanskeleg spørsmål i den fasen vi er i no. Eg går ikkje og leitar etter håp i det daglege no. Vi er i ein heilt enorm katastrofe. Det er det profesjonelle jobbemoduset som er det einaste fokuset. Vi ser ikkje etter verken gleder eller sorger slik det er no.