På Den magiske fabrikken i Tønsberg blir matavfall frå 1,2 millionar hushald blanda med hageavfall og husdyrmøkk frå nærområda.
Ut kjem det biogass, gjødselvatn og kompost.
Tilsett mineral og meitemark blir komposten til dyrkingsjord for tomatar i drivhus.
– Det vanlege er å dyrke tomatar i steinull og tilsetje kunstgjødsel i vatnet, seier prosjektleiar Bjørnar Bjelland i Reklima.
Prosjektleiar Bjørnar Bjelland i Reklima er glad for at tomatane endeleg kjem ut i butikkane
Foto: Philip Hofgaard / NRKRundt han i drivhuset flyg det både humler og snylteveps. Dei sørgjer for at tomatane blir pollinerte.
I jorda jobbar meitemark med å gjere om komposten til næring for tomatane.
Målet er at dei skal klare å levere 60 tonn tomatar til butikkane i år.
Neste år satsar dei på 75 tonn.
Matavfall frå store delar av Austlandet blir til ny mat.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKBerekraftig støtte
Denne metoden for sirkulær matproduksjon er «funnen opp» av Nasa for ei framtid der mennesket kanskje bur på Mars.
Så langt har dette vore testa og forska på i eit lukka system.
No blir det sett i kommersiell produksjon i eit heilt vanleg gartneri i Vestfold.
Mens dei har testa og forska, så har både politikarar og kongelege teke turen innom drivhuset.
Foto: Sven Gj. GjeruldsenNorgesgruppen har eit berekraftsfond som skal støtte opp om løysingar for korleis Noreg kan produsere mat meir miljøvennleg.
Tomatprosjektet på Kjær gard har fått 4,6 millionar kroner i støtte.
Berekraftsdirektør Signe Bunkholt Sæter er begeistra for at dei allereie ser resultata.
Og ikkje minst at dei kan smake på dei.
– Det er som ein eksplosjon av smak, seier ho når den første tomaten er putta i munnen.
Vil du kjøpe desse tomatene i butikken?
Pris og smak viktigast
Berekraftsfondet har som mål å få fortgang i resultat som kan gje nye løysingar for matproduksjon.
– Smak og pris er det viktigaste for kunden, seier Sæter.
Desse tomatane kjem til å koste omtrent det same som økologiske tomatar, seier Ivar Hagemoen.
Han er dagleg leiar i Reklima, og har som jobb og få produktet ut i butikkane.
Modne tomatar kjem på marknaden om kort tid.
Foto: Philip Hofgaard / NRKKunne vore økologiske
Bonden Martin Danielsen har dyrka økologiske tomatar i lang tid i drivhusa på Kjær gard.
No følgjer han spent med på alt det nye som skjer.
– Dette er like økologisk som det eg har gjort i alle år, berre på ein meir moderne måte, seier han.
Bonde Martin Danielsen på Kjær gard dreiv økologisk, men seier den nye sirkulære metoden er vel så god.
Foto: Philip Hofgaard / NRKEigentleg er det også ganske gammaldags. Kompost, gjødsel frå husdyr og meitemark var slik det vart gjort før òg.
– Dei må ta i jorda og bli møkkete på hendene, akkurat som i gamle dagar, seier han.
Når tomatane er hausta blir tomatplantane sende tilbake til komposten og så byrjar prosessen på nytt.
Forskar Ketil Stoknes har ei doktorgrad i sirkulær matproduksjon og deltek i prosjektet.
Han meiner slike drivhus kan dyrke alt av mat unnateke poteter og korn.
No blir teori til praksis.
Bonde Martin Danielsen har drive Kjær gard i mange år.
Foto: Philip Hofgaard / NRK