SE OGSÅ: |
ALT OM: |
I forslaget skal kommunen i 2004 kutte driftsbudsjettet med tre millionar kroner, i 2005 med fem millionar og så ti millionar kroner i 2006.
Ordførar Birger Nygård
Dette vil bli ei stor omvelting for ein kommune som er vant med å ha råd til nær sagt det dei vil.
Ordførar i Tokke, Birger Nygård, seier det blir tøffe tak.
- Straumrefusjonen er også i søkeljoset. Vi får billeg straum i 2004 og 2005. Men i 2006 kan det bli borte, seier Nygård.
Særordninga med å få refundert ein del av straumutgiftene, ein fordel Tokke har som kraftkommune, er bare eitt av fleire goder som kan forsvinne for innbyggarane i kommunen. Det kan skje dersom forslaga frå økonomiplanutvalet blir godkjent i kommunestyret 16. juni.
Vil merke innsparingane
Når ein liten kommune som Tokke med om lag 2500 innbyggarar må spare opp til 24 millionar kroner over tre år, vil det kome til å bli merka for nokon og ein kver i kommunen. Likevel meiner Nygård at det ikkje er slutt på velferden i Tokke.
- Nei det er det ikkje. Men vi må vere forsiktige og sjå kor vi kan spare utan at det går ut over servicen til innbyggarane, seier han.
Hilde Alice Vågslid som er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Tokke, seier at dei vil gå imot fleire av forslaga som økonomiplanutvalet har kome med.
- Vi går i mot å kutte straumrefusjonen. Det er eit gode for innbyggarane og ikkje minst for næringslivet, seier Vågslid.