Hopp til innhold

To barn skadd i trafikkulykke i Hjartdal

To barn er skadd etter at ein personbil køyrde av vegen på Tuddalsvegen i Hjartdal måndag morgon. Det var glatt, og delvis snø og is der ulykka skjedde.

Tuddalsvegen

Det var ein personbil med ein voksen og tre barn som køyrde av vegen etter at sjåføren mista kontroll over bilen i ein venstresving på veg frå Tuddal.

Naudetatane rykka ut til staden og fann bilen liggande opp ned i ei grøft på utsida av vegen. Både brannvesen, ambulanse og politi var på staden.

Det kom også ein del publikum til ulykkesstaden og politiet måtte be dei halde seg unna for at hjelpemannskapet skulle få jobbe i fred med å få alle ut av bilen.

Politiet kunne kort etter melde at alle var vakne, og ute av bilen.

– Ingen ser ut til å vere kritisk skadd, melder politiet på Twitter.

Alle fire, ein vaksen og tre barn, er køyrt i ambulanse til sjukehuset i Skien. Politiet har tatt beslag i førarkortet til ein mann i 50-åra som køyrde bilen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark