Hopp til innhold

Stor oppgåve å sette i stand Tinnosbanen

Riksantikvar Jørn Holme møtte Jernbaneverket i eit møte fredag ettermiddag. Tema var den tekniske tilstanden på Tinnosbanen.

Tinnosbanen

Det er ikkje sikkert det blir tog på Tinnosbanen igjen. Men Jernbaneverket vil vedlikehalde banen.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Det har versert kostnadsoverslag på alt frå 40 til 120 millionar kroner for å sette banen i stand.

– Eg opplevde møtet som konstruktivt. Jernbaneverket har lova å sette i gang med å rydde vegetasjon i og rundt jernbanesporet alt denne våren, seier Holme.

Stor oppgåve å sette banen i stand

Jørn Holme

Riksantikvar Jørn Holme.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Han fortel at Jernbaneverket erkjente at dei har og vil ta ansvaret for vedlikehaldet.

– Men det er ei mykje større oppgåve å sette banen i stand for trafikk, seier Holme.

Det meiner han er eit spørsmål som må bli overlate til stortingspolitikarane.

– Skal banen setjast i stand for museumstrafikk så er den oppgåva meir overkommeleg. Då er ikkje kravet til signalanlegg så omfattande. Blant anna går det an å sperre ei del overgangar, seier Holme.

Må bli vedlikehalde

Han meiner det viktigaste no er om den tekniske standen på banen tilfredsstiller krava til verdsarv.

– Kva vil det seie?

– At anlegget blir vedlikehalde slik det var på fredingstidspunktet. Men det betyr ikkje at den må vere klar for trafikk, seier Holm.

Manglar koparleidning

Og han trur heller aldri Tinnosbanen blir klar for elektrisk drift igjen.

– Det manglar alt for mykje koparleidning til at det er mogleg. Det blir i så fall med dieseldrift, seier Holme.

– Kva med damplokomotiv?

– Det er sikkert nokon entusiastar som kan tenke seg det, avsluttar Holme.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark