Skiglade nordmenn ventar spent på vintersesongen i år.
Korleis blir forholda? Kor mykje snø kjem det?
Mange gler seg til nettopp dette i vinter. Å suse ned kvite fjellsider.
Foto: Hovden AlpinsenterFnugg.no har oversikta over forholda ved 130 alpinanlegg i heile landet.
Der står det at både Sjusjøen skisenter, Aurdal – Valdres alpinsenter og Høgevarde fjellpark i Flå opnar denne helga.
Neste helg står Gausta skisenter i Telemark, Hafjell alpinsenter, Myrkdalen fjellheisar i Voss, Trysil og Ål skisenter for tur.
– Vi har hatt ein veldig gledeleg start. Førre helg var det tre–fire anlegg som opna med fulle vinterforhold, seier Camilla Sylling Clausen.
Ho er generalsekretær i bransjeforeininga Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar.
Opna fleire veker tidlegare enn i fjor
Kvitfjell alpinanlegg, Skagahøgdi, Nesfjellet alpin og Bjorli skisenter var først ut med å opne bakkane førre helg.
Kvitfjell opna tre veker tidlegare enn i fjor.
– God kombinasjon av kuldeperiode saman med natursnø gav optimale forhold for opning, seier kommunikasjonsansvarleg i Alpinco, Veslemøy Eineteig Wedum.
I skrivande stund har Alpinco, som driv anlegga på Hafjell og Kvitfjell, selt 7 prosent fleire hei- og sesongkort enn året før.
– Spesielt mot utanlandsmarknaden. Dette har nok mykje av forklaringa si i kronekursen, men det er nok også ein viktig bidragsytar at folk reknar og veit at vi er snøsikre.
Snøproduksjon i starten av november i skibakkane ved Holtardalen i Rauland.
Foto: Visit Rauland– Spente
Rauland skisenter i Vinje er eitt av dei største i Telemark og landet elles.
I den populære hyttekommunen planlegg dei opning 25. november. Også der har dei ein auke i førehandssalet frå i fjor.
Veke 7, som er den danske vinterferien, er heilt fullbooka på hytteutleige.
– Vi er veldig optimistiske, seier dagleg leiar Kristin Larsen.
Dagleg leiar ved Rauland skisenter, Kristin Larsen.
Foto: Rauland skisenter– Mange har dårlegare råd. Korleis trur de det vil påverke besøket hos dykk?
– Det er klart at vi er spente på det. Men ut frå førehandssalet så verkar det som at mange har tenkt å vere mykje heime eller på hytta, og bruke næraktivitetane.
Trur på fulle fjellheimar
Førre vinter vart det meldt om rekordbesøk ved fleire norske skisenter.
Knallvêr i januar og februar, og mykje snø, fekk skiglade menneske ut i bakkane.
Camilla Sylling Clausen i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar trur ikkje dyrtida vil øydeleggje for besøket denne sesongen.
Snarare tvert imot.
– Det har vorte dyrt å dra til utlandet, så det kan tenkjast at folk heller prioriterer å vere mykje på hytta. Eller dei kjøper sesongkort i næranlegget som gir mange månaders skiglede.
Camilla Sylling Clausen er generalsekretær i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar.
Foto: Annette Finne Simonsen– Men det er framleis dyrt for mange å kjøpe dagskort eller sesongkort i eit alpinanlegg? Blir justert prisane noko i år?
– Det er klart at det er ei stor investering om ein heil familie skal kjøpe sesongkort i nokre av dei største anlegga i Noreg, men der får ein også kanskje mest for pengane om ein ser på føreseielegheit, lengde på sesong, breidde i tilbodet med bakkar, heisar og tilrettelagde aktivitetar.
Generalsekretæren påpeikar at det finst over 200 alpinanlegg i Noreg i alle storleikar og prisklassar.
Optimisme
På Gausta skisenter ved Gaustatoppen i Telemark veks dei seg stadig større.
Laurdag 17. november inviterar dei folket ut i bakkane.
– Det er tidleg i forhold til andre sesongar. Vi har solgt vesentleg meir på førehand i år enn vi har gjort før, så me har trua på at det blir ein bra sesong, sier driftssjef Bjørn Tverberg.
Driftssjef Bjørn Tverberg i bakkane på Gaustablikk i Tinn.