Solberg jr blir tidenes yngste rallycrossførar

SKIEN (NRK): 15 år gamle Oliver Solberg er klar for rallycrossdebut på norsk jord. Han har fått låne bil av pappa, og verdsmeister Petter Solberg.

15 år gamle Oliver Solberg klar for rallycrossdebut på norsk jord, har fått låne bil av pappa, og verdensmester Petter.

UNG RALLYFØRAR: Det går unna på Grenland Motorsportsenter når Oliver Solberg testar rallycrossbilen til pappa Petter Solberg. På denne banen debuterer han 22. april på norsk jord.

Oliver Solberg blir tidenes yngste, når han debuterer i rallycross-sirkuset den 22. april i Skien på banen til Grenland Motorsportsenter.

15-åringen har fått låne bil av pappa Petter, men bilen var ikkje helt på lag da han testa den i Skien i dag.

– Det er noko med turboen som ikkje fungerer. Vi prøver å fikse det nå.

Oliver Solberg, rallykjører

DEBUTERER: Oliver Solberg har køyrt bil sidan han var fem år. Men nå skal han debutere med dei profesjonelle rallycrosskøyrarane.

Foto: Roald Marker / NRK

Første gang på norsk jord

For med 600 hestekrefter under panseret, så skal bilen til pappa som Oliver Solberg har fått låne sørge for god fart.

Og han innrømmer at det blir spesielt å skulle stå på startstreken for første gang på norsk jord.

– Med rallycrossbilen, så er det første gang. Men det blir gøy med familien som kjem for å sjå på.

– Korleis blir det å køyre rallycross mot dei profesjonelle?

– Eg veit ikkje, for eg veit ikkje korleis farta mi er i forhold til dei andre. Men eg har pappa som kan lære meg litt.

Petter Solberg, rallykjører

VERDSMEISTER: Pappa Petter Solberg har ingenting i mot å låne bort rallycrossbilen til sonen Oliver, når han skal debutere på Grenland Motorsportsenter i Skien.

Foto: Roald Marker / NRK

Vil ikkje presse på

Pappa er tidlegare verdsmeister i både rally og rallycross Petter Solberg. Han tru på at det kan gå fort når bilen han låner bort til sonen blir i orden.

– Når han får køyrt litt meir. Og vi får fiksa bilen, så kan det bli spennande.

– Du hadde noko triks å lære bort?

– Han spør veldig mykje, og er nysgjerrig. Dette er noko han er interessert i og brenner for. Eg har bilen og alle delar, så kvifor sette den på museum når guten drøymer om å køyre rallycross.

– Er det andre enn Petter Solberg som lar ein 15-åring få 600 hestar under foten?

– Det er kanskje mange som seier eg er galen. Men han har jo køyrt sidan han var fem år. Når du kan gjere ting saman med ungane og dei har det gøy, så må eg følge opp på best mogleg måte. Men eg kjem ikkje til å presse på.

Pernilla Walfridsson, Oliver Solberg og Petter Solberg

RALLYFAMILIEN: Mor Pernilla Walfridsson, Oliver Solberg og Petter Solberg var i Skien for å teste banen til Grenland Motorsportsenter.

Foto: Roald Marker / NRK

Petter køyrer rallycross i Portugal

Sjølv om familie, motorsportlegender og eit stort team kjem til Skien for å sjå på og hjelpe Oliver under debuten, så får ikkje mamma og pappa med seg den store hendinga.

– Eg kjem til å køyre rallycross i Portugal den helga. Og der kjem Pernilla også til å vere. Men Tommy Rustad har sagt han skal hjelpe til og guide han gjennom løpet.

– Det blir rart, så det kjem nok til å bli mange telefonsamtaler. Men bestemor og bestefar skal vere med å hjelpe til, og så ha vi mange gode venner og slektningar som skal hjelpe Oliver, seier mor Pernilla Walfridsson.