Hopp til innhold

No er Thor Heyerdahl heime igjen

Æresborgaren i Larvik har fått ein ny gravplass utanfor kyrkja der han er døypt, i byen han levde sine første leveår.

Minnesermoni for Thor Heyerdahl ved Larvik kirke

MINNESEREMONI: Mange menneske møtte opp for ei minnegudsteneste for Thor Heyerdahl fredag.

Foto: Robert Hansen / NRK

I år er det 110 år sidan Thor Heyerdahl blei fødd i Larvik.

Han var verdskjend da han døydde som 87-åring i 2002.

Heyerdahl blei bisett i Oslo domkyrkje, men fekk sin eigen gravstad i den italienske landsbyen Colla Micheri, der han og familien var busett.

Portrettbilde av Thor Heyerdahl.

Thor Heyerdahl blei blant anna kjend som eventyrar, arkeolog og forfattar.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

No er urna hans flytta til heimbyen i Vestfold. Der får oppdagaren ei ny grav.

I dag blei tilbakekomsten markert med ei minnegudsteneste i Larvik kyrkje.

– Det var veldig rørande, og det er ein gledesdag. Å få han til heimbyen hans kjenst veldig rett, seier dotter Marian Heyerdahl.

Ei siste reise

Lokale eldsjeler har samarbeidd tett med familien for å få Heyerdahl tilbake til byen han starta livet i.

Dottera Marian fortel at far hennar fekk ei siste reise frå Italia til Noreg.

– Vi valde å køyre han opp i bil og tok Kiel-ferja, så han fekk ein siste båttur, ler ho.

Minnesermoni for Thor Heyerdahl ved Larvik kirke. Bilde av barna Thor Heyerdahl jr, Bettina Heyerdahl og Marian Heyerdahl

Thor Heyerdahls barn framfor gravplassen. Frå venstre Thor Heyerdahl jr., Bettina og Marian Heyerdahl.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ho synest plasseringa, eit par meter frå kyrkja, er fantastisk.

– Han ligg heilt for seg sjølv, med ein nydeleg stein og veldig nære Tollerodden og monumentet som er der. Larvik har blitt ein Thor Heyerdahl-by. Han er overalt.

Ein gledesdag er dette, ifølge Marian.

– Pappa lever framleis. Teoriane hans lever og utviklar seg, seier ho.

Thor Heyerdahl urne

Thor Heyerdahl-monumentet som er på Tollerodden i Larvik.

Foto: Håkon Lie / NRK

Ringen er slutta

Energiminister Terje Aasland (Ap) deltok som representant for regjeringa.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik hadde også tatt turen. Han var statsminister da Heyerdahl døydde.

– Eg trefte han stundom da han levde. Vi blei kjend og eg fekk høyre om nokon av merittane hans, fortel Bondevik.

Han var med på å ta avgjerda om at Heyerdahls gravferd skulle på rekninga til staten.

Minnesermoni for Thor Heyerdahl inne i Larvik kirke

Inne i kyrkja var det minneord frå barna hans, og helsingar frå ordførar og regjeringa. I tillegg var det italiensk musikk.

Foto: Robert Hansen / NRK

Tidlegare ordførar i Larvik, Øyvind Riise Jenssen, er initiativtakaren for å få urna heim.

– Dette er ein fantastisk stor og fin dag for alle i Larvik. No er alt på plass og ringen er slutta. Det er vi takksamt for.

Thor Heyerdahl jr., som er den eldste son til oppdagaren, har uttalt at familien er fornøgd med denne løysinga.

– Når Larvik ønsker å gjere stas på ein kar dei reknar som den store son sin, så smigrar det oss.

Thor Heyerdahl jr. og intiativtaker Øyvind Riise Jensen

Thor Heyerdahl jr. og initiativtakar Øyvind Riise Jenssen.

Foto: Robert Hansen / NRK

Eit innhaldsrikt liv

Thor Heyerdahl er kanskje mest kjend for å ha leidd Kon-Tiki-ekspedisjonen i 1947.

Målet med seglinga over Stillehavet var å vise at folk i Polynesia kom frå det amerikanske kontinentet og ikkje Søraust-Asia.

Heyerdahl var også på ekspedisjonar med papyrusbåtane «Ra» og «Ra II» og sivbåten «Tigris».

Han leidde fleire arkeologiske utgravingar, blant anna på Galápagos og Påskeøya.