Hopp til innhold

Tette hyttefelt skaper trøbbel

Noregs Hytteforbund ser fleire og fleire eksempel på konfliktar mellom hytteeigarar og kommunar fordi hyttefelta fortettast. Tette hyttefelt kan vere økonomisk gunstig for kommunane, men hytteforbundet åtvarar mot konsekvensane det kan få i lengda.

Hytter i Rauland

VEGG MOT VEGG: Hytteeigarane er frustrerte over tette hyttefelt

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Det opplevast nok som urettferdig når du akkurat har kjøpt ny hytte i eit lite felt, og det etter kort tid plutseleg dukkar opp ei hytte som du kan sjå inn i vidauget til, seier Mathias Dannevig.

Dannevig er styremedlem i Noregs Hytteforbund. Dei ser eit auke i talet på konfliktar mellom hytteeigarar og kommunar, som vel å byggje hyttene tett på kvarandre i hyttefelta.

– Det blir fort alliansar mellom grunneigarar som vil byggje ut, og kommunalpolitikarar som ser sitt snitt til å tene pengar på eigedomsskatt, seier Dannevig.

Tal frå SSB syner at det sidan 2006 har blitt bygd nesten 44.000 hytter og fritidsbustader i Noreg. Ein del av desse hyttene har nok vore med på å fortette hyttefelt rundt om i landet.

– Me opplever at fortetting i hyttefelt er eit aukande problem, seier Dannevig.

Mathias B. Dannevig

KORTTENKT: Styremedlem i Noregs Hytteforbund trur mange kommunar ikkje tenker over konsekvensane fortetting av hyttefelt kan få i lengda.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Kan vere negativt i lengda

– Hyttefolket tek stor plass i mange kommunar, og viss me føler oss dårleg behandla kan nok det føre til at mange kan slutte å bruke tenestetilbodet i lokalsamfunnet, seier Ole Martin Hejll.

Hejll har hytte på Rauland. Der har planutvalet i kommunen akkurat godkjent fortetting av eit hyttefeltet der han har hytte. Det til stor frustrasjon for både han og for fleire andre hytteeigarar i området.

– Det er jo ingen fordel for kommunen å skape konfliktar mellom grunneigar og hytteeigar, seier Hejll.

Mathias Dannevig i hytteforbundet trur også kommunane ikkje tenker langsiktig nok når dei gjev løyve til fortetting av hyttefelt.

– Det er jo bra at kommunane får inntekter, men kommunar som skuffer hytteeigarane sine får jo problem. For det vil jo vere mykje mindre freistande å bygge hytta si i kommunar som har eit dårleg rykte på seg for å endre arealplanane i hyttefelta.

Utfordrande

Det er jo alltid ei vurdering om ein skal byggje tettare i allereie etablerte hyttefelt, eller om ein skal ta i bruk nye område. Denne gongen vurderte me det slik at det er betre å fortette, seier Tone Edland. Ho er leiar i planutvalet i Vinje kommune.

Vurderinga er teke etter at Edland og resten av planutvalet var på synfaring i området der Hejll har hytte. Ho forstår at hytteeigarane reagerer på fortetting, og seier det er mange ting ein må vurdere når det er snakk om utbygging.

– Det bli jo ofte protestar frå hytteeigarar når det er snakk om fortetting, og det er klart at det er utfordrande å bestemme kor mange hytter eit område toler å ha, seier Edland.