Hopp til innhold

Her fyrer turisten bål i knusktørr skog: – Eg blei så forskrekka

Brannvesenet fortvilar over turistar som trassar bålforbodet. Dei bryr seg heller ikkje om skogbrannfaren når folk prøver å seie ifrå.

Bålbrenning i Nissedal

Astrid Søftestad bad ein tysk turist om å sløkkje dette bålet i Nissedal i førre veke. NRK har sladda fjeset til turisten fordi vi ikkje har funne ut kven han er.

Foto: Astrid Søftestad

Astrid Søftestad bad ein tysk turist om å sløkkje dette bålet i Nissedal i førre veke. NRK har sladda fjeset til turisten fordi vi ikkje har funne ut kven han er.

Foto: Astrid Søftestad

I førre veke var Astrid Søftestad på veg heim da ho oppdaga eit bål på ein rasteplass i Nissedal.

– Eg syntest bålet var så stort og høgt. Og eg blei så forskrekka over at nokon kunne tenne bål i ein skog på den måten.

Da ho kom ned til rasteplassen viste det seg å vere tyske turistar som hadde fyrt opp bålet.

– Det var full fyr, så eg sa til han som stod ved bålet at han måtte sløkkje.

Tyskaren skjønna ikkje kvifor.

– Eg forklara at det er forbod mot å tenne bål i distriktet, og at det nyleg har vore ein stor skogbrann i nærleiken.

NRK har prøva å finne ut kven den tyske turisten er for å gje han høve til å kommentere hendinga, men har ikkje lukkast.

Astrid Søftestad

Astrid Søftestad opplevde at dei tyske turistane ikkje forstod kor stor skogbrannfaren er i området.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Knusktørt over alt

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for Austlandet og Agder. Det betyr at vegetasjon lett kan ta fyr, og at ein eventuell skogbrann kan råke store område.

I Nissedal er folk livredde for nye skogbrannar etter at det tok to veker å sløkkje ein skogbrann der 3000 mål skog gjekk tapt.

– Det skal ingenting til. Det er knusktørt over alt. Eg trur vi er nesten tilbake til sommaren 2018 då det var veldig tørt og veldig mange skogbrannar, seier brannmeister i Nissedal Kristin Kyrkjerud Vaa.

Bør folk som trassar bålforbodet straffast?

Ho fortel at dei stadig må rykke ut på meldingar om turistar som har tent bål. Brannmeisteren fortel at brannvesenet har rykka ut for å sløkke fire bål på fire dagar i førre veke.

– Det er eit problem. Det har vi sett i fleire veker. Vi får mange fortvila telefonar frå folk som prøvar å seie frå til turistane om at det ikkje er greitt å tenne opp bål i skogen. Da vil dei helst ikkje høyre etter. Men når brannvesenet kjem, så må dei sløkkje bålet.

Gult farevarsel fra Meteorologisk institutt.

Meteorologisk institutt sende ut gult farevarsel for skogbrann i førre veke.

Foto: Meteorologisk institutt

Kan bli erstatningsansvarleg

Arnt Olav Storkås er utrykkingsleiar i Nissedal brannvesen. Han fortel at folk blir overraska og litt skremt når brannvesenet kjem på besøk for å fortelje at dei må sløkkje bålet.

– Mange tenker at sidan det har regna eit par dagar, så er skogbrannfaren over. Men slik er det ikkje.

Da skogbrannen herja tidlegare i sommar opplevde brannmannskapa at turistar hadde tent bål, sjølv om det rasa ein skogbrann like ved.

– Brannfolka er slitne no. Og det er litt dumt å måtte bruke fritida si til å sløkkje slike bål som turistane lagar. Vi er nøydde til å rykke ut for å gjere det, og det tærer på.

Og det kan koste deg dyrt om du startar ein skogbrann.

– Den som fyrer opp eit bål i skogen, må vere klar over at ein har ansvaret. Viss du har fyra opp eit bål og skogen brenner, så kan du få rekninga for det, seier Kyrkjerud Vaa.

Slik såg det ut da 3.000 mål skog tok fyr tidlegare i sommar:

Skogbrann
Foto: Skogbrannhelikopteret
skogbrann
Foto: Skogbrannhelikopteret
skogbrann
Skogbrann
Skogbrann
Foto: Skogbrannhelikopteret