Telemark KrF vil inn i regjering

Fylkesstyret i Telemark KrF ynskjer at partiet skal gå i regjering, og ber fylkesårsmøtet velje mellom eit regjeringssamarbeid mot høgre og eit samarbeid mot venstre. Fylkesstyret meiner det er uaktuelt å halde fram på utsida av regjeringa, seier fylkesleiar Erik Næs. Nitti utsendingar frå kommunepartia skal drøfte regjeringsspørsmålet på eit ekstraordinært fylkesårsmøte i neste veke.

 

Erik Næs
Foto: Stian Wåsjø Simonsen