I den einaste kommunen i Telemark som enno ikkje har fått ny ordførar på plass, er det ganske ope kven som skal bestemme dei neste fire åra.
Senterpartiet, som i dag har ordføraren, gjorde eit dårleg val samanlikna med i 2019.
Då fekk dei nesten 20 prosent av stemmene. No er dei avfeia med 7,7 prosent.
Mange parti kan likevel bli avhengig av dei dei neste fire åra.
Dei tre kommunestyrerepresentantane til partiet kan sikre eit fleirtal i den eine eller andre retninga, og dermed også bestemme kven som får ordføraren.
Håpa på meir openheit
No håpar Senterpartiet at Arbeidarpartiet blir med på eit samarbeid, saman med sentrumspartia, seier noverande ordførar Grunde Knudsen.
– Per no har ikkje vi noko mandat til å snakke med Framstegspartiet, heller ikkje med Raudt. Då har vi sagt at sentrumsblokka er eit godt alternativ for oss.
Framstegspartiet gjorde eit veldig godt val i Kragerø og vart det største partiet.
Ordførarkandidaten hadde håpa Senterpartiet var meir opne.
– Det som gjer det litt oppsiktsvekkjande er at dei ikkje ønskjer å ha samtalar, og vil ha samtalar med venstresida. Det burde dei informert veljarane om før dei gjekk til røysteurnene, seier Henriette Fluer Vikre (Frp) til NRK.
Henriette Fluer Vikre burde, ut frå valresultatet, få ein finger med i spelet når politikken i skal formast i Kragerø dei neste fire åra.
Foto: Per Stian Johnsen / Per Stian JohnsenRaudt-blokka førebels størst
Akkurat no ser det ut til at Raudt har laga ei lita gruppering på jakt etter makt i sommarbyen.
Raudt, Arbeidarpartiet, MDG og SV er samde om samarbeid.
Dei treng berre to mandat til å få på plass eit fleirtal, ifølgje Raudts ordførarkandidat.
– Førebels er eg ordføraralternativet for den største blokka. Men ein ting er å vere ordførar, ein annan ting er når kvardagen kjem og vi skal lage eit budsjett. Då må vi har eit fleirtal og det er eg veldig oppteken av å få til, seier Charlotte Therkelsen (R).
NY ORDFØRAR? Charlotte Therkelsen kan bli Kragerøs nye ordførar.
Foto: Ole Oskar Eriksen / NRKHo presiserer at døra deira er open for andre parti òg.
– Vi har sett ein strek i sanden ved Høgre, men vi er opne for å snakke om det meste, valtekniske tinget og politisk samarbeid, seier ho.
Det er først 19. oktober at det første kommunestyret i Kragerø skal møtast.