Etter åtte år i posisjon og eit elendig stortingsval sist haust har Telemark SV årsmøte i Porsgrunn denne helga.
Åtte år i raud-grøn regjering enda sist haust med eit sviande valnederlag, og nå må partiet meisle ut vegen vidare i opposisjon.
SV-ordførar Arne Vinje i Vinje meiner det er viktig at tilliten til SV blir gjenreist – også som eit distriktsparti.
Han meiner det blir viktig å få ein breiare politikk, og ikkje berre konsentrere seg om nokre få hovudtema.
– Dei kan vere viktig nok, men er ikkje tilfredsstillande for mange, seier Vinje.
Politikken må vedgå mange
Arne Vinje er ordførar for SV i Vinje.
Foto: Vinje kommuneHan meiner SV må vere aktive med politikk på område som vedgår mange rundt om kring i landet.
– Då trur eg SV kan få større oppslutning, seier Vinje.
Han meiner det blir viktig for årsmøte i SV å sette eit slag distriktstempel på politikken.
– Det har mangla, seier Vinje.
Ordføraren i Vinje etterlyser politikk som har med utviklinga av Distrikts-Noreg og landbruk.
– Det synest eg er viktig at SV engasjerer seg i, seier Vinje.
Partiet må tørre å tenke høgt
Politisk sekretær i Telemark SV, Ådne Naper, ser fram til å arbeide i opposisjon igjen.
– Vi er frigjort frå masta og partiet skal stå fram som ein høgttenkande ide- og premissleverandør, seier Naper.
Han meiner oppgåva for SV er å finne tilbake til seg sjølv som det klare opposisjonspartiet.
– SV kan vere SV igjen. Vi kan tenke høgt og lufte forslag, ta tøffe debattar utan å frykte for konsekvensane, seier Naper.
Han meiner det blir viktig for å vekke begeistring blant veljarane.
Må jobbe knallhardt for oppslutning
Ådne Naper er politisk sekretær i Telemark SV.
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRKÅdne Naper seier at partiet må jobbe knallhardt for å vere relevante, viss SV sine forslag til løysingar skal få oppslutning i politiske val.
– Det er vi også avhengig av, seier Naper.
Han meiner Telemark SV må gjere vedtak om sjukehusstrukturen for å ha ein klar politikk i det spørsmålet, og kommunestrukturen i Telemark.
– Samanslåing av kommunar blir tema i framtida, anten vil det eller ikkje, seier Naper.
Han trur også det blir omkamp på skulestrukturen. Naper meiner det er viktig å kome i forkant av desse sakene og utvikle politikk, fordi det er viktig for Telemark.
– Då skal vi i SV har eigne forslag, seier han.
Ådne Naper trur ikkje det blir eit roleg årsmøte for SV i Porsgrunn laurdag og søndag.