Hopp til innhold

Internasjonal presse i kø for Breivik

Anders Behring Breivik er den mest kjende nordmannen i utlandet. Det er Nobelprisen, oljefondet og Breivik folk over heile verda er mest interessert i når det gjeld norske saker. Det seier den franske journalisten Pierre-Henry Deshayes.

Pierre-Henry Deshayes

Pierre-Henry Deshayes i AFP er ein av journalistane som dekker Breivik-saka.

Foto: AFP

Rettssaka som startar 15. mars skal gå over fire dagar, og den handlar om soningstilhøva for Anders Behring Breivik i Skien fengsel. Rettssaka skal gå føre seg i gymnastikksalen i fengselet, og det kjem til å vera avgrensa plass. Oslo tingrett arbeider no for å få til videooverføring til Oslo.

Les også: Rettssaken ingen vil snakke om

Stor internasjonal interesse

Deshayes jobbar for AFP, eit fransk nyheitsbyrå som er av dei aller største i verda. Han veit kva folk vil ha.

– Sjølv om nordmenn kanskje ikkje likar at me er så opptekne av Breivik, så er dette noko som interesserer.

Breivik med forsvarere

Bilete frå terrorsaka i Oslo.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sjølv sit Deshayes saman med mange andre journalistar i eit kontorfellesskap i Oslo, og han trur fleire av dei andre store byråa som Reuters og Associated Press vil vera interesserte i saka.

– Gåta Breivik er noko me snakkar om heile tida, seier han.

Også norsk presse

– Sjølvsagt vil me dekke rettssaka i Skien, seier redaktør i VG Torry Pedersen. Han meiner den største avisa i landet ville dekt saka uansett når ein fange går til rettssak mot staten på grunn av det han hevdar er soningstilhøve som strir mot menneskerettane.

– Noreg har ikkje ei heilt ærerik historie på dette området, legg Pedersen til. Både når det gjeld sikringsinstituttet og bruken av varetekt har Noreg fått kritikk. På dette området er det ein del å rydde opp i, seier VG-redaktøren.

Tungt for dei etterlatne

– Dei etterlatne ville helst at namnet Behring Breivik ikkje fanst, at det var vekk. At me aldri meir skulle få høyre om mannen. Seier prostidiakon Eilev Erikstein i Vest-Telemark. Han har hatt tett kontakt med foreldre som har mist ungar på Utøya.

– Slike arr opnar seg fort og blør.

Samstundes må også dei etterlatne akseptere at også drapsmenn har rettar i eit demokrati. Det gjer dei også sjølv om dei gruar seg til å møte mediekvardagen, forklarer Erikstein.

Akkrediteringa av journalistar startar i slutten av denne veka, så i løpet av ei vekes tid vil det vera meir klart kor mange pressefolk som fylgjer rettssaka i Skien frå 15. mars.