Hopp til innhold

Stor pågang til møte om demens

Det er stor interesse for eit møte om demens i Tønsberg i kveld. Så stor at dei må flytta møtestad for å få plass til dei over 100 påmelde.

Leiar for Tønsberg Røde Kors Jan Harald Moen, seier dei har planlagt møtet lenge, men at all merksemd demens har fått i media i det siste har ført til større interesse.

Vanlegvis har dei 20–30 personar på sine frukost- eller kveldsmøte.