Hopp til innhold

Denne har du aldri sett

HEDDAL (NRK): Denne bruredrakta er ein skatt som sjeldan er visa offentleg, men no kan du sjå den på Heddal Bygdetun. Eit klenodium i privat eige som har pynta ei brur tre gonger dei siste femti åra.

Folkedrakt, bunad

Denne drakter 205 år gammal og i ypparleg stand.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mykje av det som blir stilt ut av folkedrakter og bunader er aldri vist på utstilling før. Utstillinga inne i dei gamle husa på Heddal Bygdetun er dela i tre.

Den eine delen viser folkedrakter slik dei såg ut på 1700- og 1800-talet, og det er både originale drakter og kopiar gjort i nyare tid.

Det er framifrå handverk og utsøkte detaljar som kan fjetre både unge og eldre. Ein treng ikkje vera oppvaksen i tradisjonsområda for å la seg fasinere.

Terje Lia i 1700-tals bunad

Mannsdrakt og bruredrakt frå 1700-talet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Anne Bamble i fokus

Hovuddelen av utstillinga viser bunader inspirerte av Anne Bamle. Den siste står Ingrid Lene Langedok bak. Ho har latt seg inspirere av Bamle sitt arbeid, og vidareført og vidareutvikla Anne sin Aust-Telemark bunad.

Terje Lia pyntar brura

Pynting av brura må gjerast etter alle kunstens reglar. Frå gamalt av starta dei tidleg om morgonen for å bli ferdige til dei skulle i kyrkja.

Foto: Anne Lognvik

Anne Bamle levde frå 1884 til 1972. Ho kom frå Heddal og har mykje av ære for det ein i dag kallar Aust-Telemarksbunaden.

På museet kan du no sjå mange gode døme på rikdomen innan folkedrakt- og bunadskulturen.

Liv(beltestakk) og Synne(brurestakk) Skinnarland Lia er ferdig pynta.

Liv og Synne Skinnarland Lia er ferdig pynta. Liv i beltestakk, Synne i brurestakk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nye krefter tar over

– Interessa for folkedrakter og bunader har kome etter kvart, seier Ingrid Lene Langedok.

Ho stiller ut mange av bunadene ho har laga i seinare år. Og det er ikkje berre godt vaksne kvinner som interesserer seg for bunader, stadig fleire unge kvinner vil vita og lære meir, hevdar ho.

Fire bunader

Alle desse er laga nyleg, men dei byggjer på tradisjonen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Sjå her er to prinsesse-bunader. Det var Anne Bamle som sette det namnet på dei. Eg veit ikkje kvifor, det berre er slik, seier Langedok.

Ho peikar på to rikt utsmykka stakkar med ei overflod av fargerike og nydelege broderi. Som bunadtilverkar legg ho stor vekt på å tilpasse bunadene til personen som skal ha dei.

– Sjå denne, den er laga til ei ung jente med store og vakre blå augo.

Ho viser til ein djupblå bunad laga til ei jente til konfirmasjon no i vår.

Ingrid Lene Langedok

Ingrid Lene Langedok meiner det er viktig å ta vare på dei norske handverkstradisjonane så ikkje kunnskapen forsvinn.

Foto: Anne Lognvik / NRK

På høg tid

Helge Anderson, museumsstyrar

Museumsstyrar Helge Anderson på bygdetunet er godt nøgd.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Folkedraktene og bunaden er ein del av folkesjela i Heddal, seier museumsstyrar Helge Anderson.

Han meiner det var på høg tid at museet fekk ei ny Anne Bamle-utstilling, og han er godt nøgd med besøket.

– Takka vera godt vær i lange tider, har besøket vore godt i sommar. Det verkar som folk likar det dei ser.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark