Hopp til innhold

Stenger Maristigen i ei veke

Skadene på rasoverbygget på fylkesveg 37 ved Maristigen i Tinn er så store at vegen vil være stengt i ei veke.

Maristigentunnelen

Denne konteineren skada rasoverbygget så mykje at vegen blei stengt.

Foto: Lars Gunleiksrud

Tysdag kveld blei ein lastebilkonteinar kilt fast inne i rasoverbygget på fylkesvegen. Statens vegvesen har i dag undersøkt skadane etter påkøyrselen.

Les også:

– Skadane er så omfattande at det blir nødvendig å halde vegen stengt helt til onsdag 12. november, opplyser byggeleiar Halvor Uldal Kåsa i Statens vegvesen.

Tre av berebjelkane i overbygget er kraftig bøygd og må byttes ut. I tillegg er to av støttebjelkane inn mot fjellet også bøygd.

Nye bjelkar er alt på veg slik at reparasjonane tar til onsdag ettermiddag.

Jobbar til det er ferdig

Det vil bli jobba to-skift kontinuerleg fram til reparasjonane er ferdig. Det er nødvendig å halde vegen stengt for all trafikk mens arbeidet går føre seg.

Overbygget er i seg sjølv ikkje trygt før det er reparert.

Fotgjengarar vil kunne gå igjennom, bortsett frå under enkelte arbeidsoperasjonar, forklarer Kåsa.

Det vil vere vakter i begge ender for å sørge for tryggleiken.

Inntil vegen blir opna igjen, er det omkøyring frå Rjukan enten over fv. 651 Svineroi - Tuddal eller fv. 37 Tinnsjøvegen.

For å komme vidare til Rauland må trafikken følge E134 til Åmot i Vinje og derfrå køyre fv. 37.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark