Hopp til innhold

Kundar byter prislapp på bruktfunn: – Nesten ikkje til å tru

Fleire velgjerdsbutikkar som sel gjenbruksvarer, opplever å bli svindla av kundar. Men det er vanskeleg å få bukt med problemet.

Et kaffesett i seks deler priset til 400 kroner på NMS Gjenbruk Skien. Kaffesettet er fra PP, og er kremfarget med gullkant. Det står utstilt på et bord dekket av en hvit blondeduk.

Det er ikkje alle som vil betale det gjenbruksbutikkane meiner fine og verdifulle bruktfunn skal koste. Dermed byter dei prislapp på varene i smug.

Foto: Silje-Carine Kikut Moen / NRK

– Eit fint skap hadde blitt prisa til over 3000 kroner. Der hadde prislappen blitt bytt ut med ein som viste 1200 kroner, fortel Solveig Helene Sollie.

Solveig Helene Sollie er styreleder for NMS Gjenbruk Skien drives av Det Norske Misjonsselskap. Dette er et portrettbilde av henne i butikken.

Solveig Helene Sollie er styreleiar for bruktbutikken NMS Gjenbruk Skien. Ho seier dei frivillige blir lei seg når dei oppdagar at kundar byter prislapp på varer.

Foto: Silje-Carine Kikut Moen / NRK

Ho er styreleiar for NMS Gjenbruk Skien, som blir driven av Det Norske Misjonsselskap. Gjenbruksbutikken sel donerte møblar og interiør til inntekt for humanitært arbeid.

Av og til har dei frivillige som driv butikken, opplevd at kundar prøver seg på svindel. Nyleg skjedde det igjen.

I dette tilfellet hugsa ekspeditøren kva skapet hadde vore prisa til.

– Då vart det ikkje aktuelt for kunden å kjøpe det, konstaterer Sollie.

Ho legg til at dei ikkje med trygging kan seie at det var kunden som ville kjøpe skapet som også hadde bytt om på prislappen.

Men det hender at nokon gjer eit «kupp» på denne måten.

Sollie hugsar spesielt eit gammalt mokkaservise til 700 kroner, som vart selde for 400 kroner etter at ein kunde truleg hadde byte ut prislappen.

– Vi blir jo lei oss. Så å seie alt her i butikken er jo rimeleg i forhold til om du skulle kjøpe det ein annan stad. Og det går til eit godt formål. Og vi jobbar frivillig, alle saman. Brukar mykje av fritida vår, seier ho.

Hender fleire gjenbruksbutikkar

Turid Øyre Øygard er regionsansvarleg for Nord og Midt-Noreg i NMS Gjenbruk. Ho kjenner godt til denne svindelmetoden.

– Dette her er eit fenomen som eg har høyrt om heilt sidan eg byrja i NMS Gjenbruk i 2014, seier Øygard.

Portrettbilde av Turid Øyre Øygard, som er regionsansvarlig for Nord og Midt-Norge i NMS Gjenbruk

Turid Øyre Øygard er regionsansvarleg for Nord og Midt-Noreg i NMS Gjenbruk. Ho seier dei frivillige opplever prisjuksinga som nedverdigande.

Foto: Privat

NMS Gjenbruk-kjeda er landets største på gjenbruksbutikkar, og har 52 butikkar som blir drivne av 2500 frivillige.

– Vi besøkjer butikkane fysisk to gonger i året og snakkar med dei éin gong i månaden. Og det er alltid eit gjentakande tema.

Til saman har butikkane over ein halv million betalande kundar, og kjeda omsette for 62,5 millionar kroner i 2019.

– I det store biletet betyr det ingenting, men det er irriterande kvar gong det skjer, seier Øygard.

Vil ikkje overvake

Øygard fortel at dei har ulike triks for å unngå å bli lurt, mellom anna ved å bruke prislappar med ekstra sterkt lim som lèt etter seg merke.

Men butikkjeda vil ikkje ha overvaking i butikkane av omsyn til kundane.

Dei politimelder heller ikkje prisjuksinga.

– Vi har eigentleg ikkje noko bevis. I ein vanleg butikk har varene strekkodar og det er fleire ting av same sort. Vi har gjerne berre éin ting av noko.

Bilde av interiøret til Bruktbua på Gulset i Skien

På Bruktbua på Gulset får ofte heilt nye klede i gåve som dei kan selje, og her er det også helsa klede kundane prøver å jukse med prisen på.

Foto: Silje-Carine Kikut Moen / NRK

Kjent problem

Prisjuksinga er noko fleire i bransjen kjenner til. Mellom anna på gjenbruksbutikken Bruktbua, som også ligg i Skien.

Her jobbar det frivillige som sel klede, møblar og interiør til inntekt for gatebarn i Kenya.

Elsa Åkre er frivillig på Bruktbua på Gulset i Skien.

Elsa Åkre er frivillig på Bruktbua i Skien.

Foto: Silje-Carine Kikut Moen / NRK

– Vi har jo opplevd at kundane kan ta av prislappen på eit klesplagg og putte over på eit anna, så det blir billigare. Det er ikkje noko koseleg, seier Elsa Åkre.

– Nesten ikkje til å tru

Tilbake på NMS Gjenbruk Skien er kundane forbløffa over å få høyre korleis nokon juksar med prisen.

Portrettbilde av Ove Skjønhaug fra Sandefjord, som står foran bøkene på NMS Gjenbruk Skien.

Ove Skjønhaug frå Sandefjord.

Foto: Silje-Carine Kikut Moen / NRK

– Det synest eg høyrest heilt utruleg ut. Det er jo så billig frå før av. For meg verkar det heilt meiningslaust, seier Ove Skjønhaug frå Sandefjord.

Og han er ikkje åleine om å meine det.

Erik Johannessen frå Porsgrunn er også sjokkert over kva enkelte er villig til å gjere for å betale minst mogleg.

– Det høyrest ganske utruleg ut, at folk kan gjere seg så små. Dei fleste av bruktmarknadane gir jo bort midlane sine til velgjerande formål, påpeikar han.