Det ein trur er at dette tyske bombeflyet hadde med seg topphemmelege dokument. Desse dokumenta skulle ligge i ei brun skinnveske og den inneheldt informasjon om det mest dødlege våpenet som tyskerane var i ferd med å utvikle tidleg i krigen.
Espen Saastad, Tor Olav Sperre og Pål Erichsen hevet flyet i 2000.
Dokumentmappa innheldt informasjon om V1 og V2 bombene. V' en står for Vergeltungswaffen, og dette var bomber som først kom i bruk mot slutten av 2. verdskrigen. Dette var avanserte bomber med rakettmotor, eller små fly utan førar, med nesten eitt tonn sprengstoff. Bombene blei bruka i terrorbombing av London mot slutten av krigen.
Flyet med dei to tyske flygarane tok av frå ein flyskule ved Rostock i Tyskland, og sidan det var uvanleg med nattflyging på denne tida blei det gjort forsøk på å skyte ned flyet.
Tom for drivstoff
Over Danmark blir Junkersflyet også forsøkt skoten ned, men så misser tyskarane kontakten med flyet før det dukkar opp igjen i Kragerø. Og der har det truleg gått tom for drivstoff.
Hjertrud Olsen var ti år den gongen og augnevitne til naudlandinga. Ho fortel at flyet strauk over tretoppane ved huset deira på natta før det naudlanda i Kilsfjorden.
Ho fortel at dei to flygarane kom ut på vingen. Og at flyet heldt seg flytande ei god stund. På land kunne dei også høyre at dei to flygarane snakka med kvarandre på tysk.
Då flyet sank hoppa dei to i sjøen, og Hjertrud Olsen fortel at den eine flygaren drukna. Den andre flygaren blei redda av folk som kom til med ein robåt. Han blei seinare arrestert av tyskarane og stilt for retten som desertør.
Det blir hevda at då den tyske flygaren fekk vite at han var kome til Noreg, og ikkje England, hadde han sagt at han heller ville ha drukna.
Junkerbombeflyet blei heva sommar 2000, og delar av flyet blei flytta til Flysamlingane på Gardermoen. Opplysningar om flyet og hevinga blei lagt ut på internett.
82 år gammel tysk jagerflyger
Så for ikkje lenge sidan blir Flysamlingane kontakta av ein 82 år gamal tysk jagerflygar som hadde vore stasjonert på flyplassen der Junkerflyet var stasjonert.
Den tyske flygaren var busett i Florida, og var veldig interessert i å få vite om skinnveska med dei hemmeleg dokumenta var funne.
Major Roar Glenne ved Flysamlingane på Gardermoen seier at tyskar fortalte at på flybasen var det visstnok alment kjent at Junkersflyet blei bruka som kurerfly med hemmeleg informasjon, og at dei to tyske desertørane var på veg til England med hemmeleg informasjon om V1 og V2 bombene.
Men dokumentmappa med dei topphemmelege dokument er ikkje funne. Sjølv om den tyske flygaren som blei arrestert i Kragerø hevda at han hadde blitt tvungen til å bli med på flykapringa, og at det var hemmelige dokument ombord som skulle til England, så er det ikkje funne noko.
Truleg ligg svaret på botnen av Kilsfjorden. Major Roar Glenne trur det er mest sannsynleg at dokumentmappa blei skylt overbord, og at den ligg ein stad i Kilsfjorden.