Hopp til innhold

Spent på valet av idrettspresident

Mellom 400 og 450 personar er samla til idrettsting i Skien. Dei er sjølvsagt spente på kven som blir ny idrettspresdident.

Idrettstinget
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Idrettstinget opna i Skien fredag med telemarkskultur og glimt frå telemarksidretten i Ibsenhuset.

- Vi har faktisk verdens største nanbudoklubb her i Telemark, seier leiar i Telemark idrettskrins, Ole Henrik Lund.

Oppteken av økonomi og namn

Fungerande idrettspresident Odd-Roar Thorsen gratulerte idrettstinget med den vellukka snuoperasjonen når det gjeld økonomien i idrettsforbundet.

Thorsen var oppteken av å få ein god økonomi i framtida, og ikkje minst å skaffe nok pengar til anlegg rundt om i kommunane.

Mot ei røyst blei det også vedteke å endre namnet til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite. Men forkortinga på idrettsforbundet blir fortsatt NIF.

Mange munnar å mette

Med over 400 mennesker til stades er det sjølvsagt også ei utfordring med matserveringa.

Ute på plenen foran Ibsenhuset er det sett opp eit stort telt der forsamlinga får lunch og kaffi i pausene.

 

 

 

Telemark idrettskrins
Foto: Picasa 2.6 / NRK

 

- Vi ønskjer å vise at Telemark er i stand til å ta på seg eit så stort arrangement og gjennomføre det med glans, seier Lund.

Spent på valet

Mange er spente på utfallet av valet på ny idrettspresident, og kunne gjerne tenkt seg å få det unna først for å få merksemd rundt sakene på tinget.

Så langt er det truleg fem kandidatar som er med i den kampen om å bli ny idrettspresident.

Dei heitaste kandidatane er truleg Tove Paule frå Drammen og Odd-Roar Thorsen i idrettstyret.

Telemark idrettskrins har valt sin kandidat.

- Vi går inn for Tove Paule, seier Lund.

Valet skjer på søndag frå klokka ni. Og det kan du følgje på våre internettsider.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Telemark idrettskrins
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark