Tidelegare redaktør av Norsk Barneblad, Olav Norheim, seier at ho rakk å sjå sine eigne hefte for i år: Tuss og Troll, og Smørbukk, begge med 50 år gamle Solveig-repriser frå 1963 som ein del av hefta.
Olav Norheim har også skrive Solveig-biografien, boka Smørbukk 70 år.
– Ho har forma oppfatninga av eventyra for mange generasjonar barn, seier Norheim.
Var knytt til Norsk Barneblad
I desse dagar er det 56 år sia det første Tuss og Troll-heftet med hennar strek kom ut.
– Det var i 1957, seier Norheim.
I 1959 tok ho over teikneserien Smørbukk i Norsk Barneblad, året etter i Smørbukk-juleheftet. Siste nyteikna Tuss og Troll-striper frå hennar hand kom i 2008.
– Då var ho 90 år.
Louis Moe og Henrik Sørensen var inspiratorar for den unge lovande Solveig Muren frå Vrådal. Målarinna kom til å teikne mest i det vesle formatet - med bladillustrasjonar, bokomslag og teikneseriar for barn i bygd og by.
– I meir enn 50 år var ho tilknytt Norsk Barneblad, seier Norheim.
(Artikkelen fortset under biletet)
Populær i USA
Ho og redaktør Johannes Farestveit var dei første som fekk Kulturdepartementets teikneseriepris. Ho var æresmedlem i Smørbukks Vener, ho har fått kulturprisen i Kviteseid og Kongens sølv.
Siste åra har Solveig Muren Sanden vorte populær i USA. Så langt har to bøker har kome ut med Tuss og Troll-seriar av henne og dagens teiknar Håkon Aasnes på forlaget "Astrid mi Astrid" i USA.
– Smørbukk-stripene hennar har også gått i barneblada på Island og Færøyane, seier Norheim.
I målarklubben i Vrådal, i Kviteseid kommune og i Norsk Tegneseriesamling på Maihaugen har dei tatt vare på mykje av kunsten hennar.