Båtlivet er populært både blant små og store.
Og det er mange som skal dele plassen på vatnet.
Næringstrafikken går for fullt, sjølv om det er høgsesong for småbåtar.
Nesten dagleg høyrer ein store båtar gi signal mot småbåtar som kjem for nært på, og av og til kan det sjå ut som det blir gjort med vilje.
Lukas Moen Løchsen har sjølv sett småbåtar som leikar i nærleiken av dei store båtane.
– Dei prøver å køyre framfor dei og køyre på bølgene. Så ender det ofte opp med at dei store båtane tutar. Dei klarer jo ikkje å bremse i tide. Det er veldig farleg.
Kan ende med dødsfall
Losoldermann Geir Eikeland reagerer sterkt på dette, og at det blir gjort med vilje.
Han meiner at desse båtførarane må tenke meir på eiga sikkerheit.
– Det er ingen tvil om kven som er den tapande parten viss det blir eit samanstøyt, seier Eikeland.
– Det er jo ikkje det store skipet, men dei som er om bord i det vesle fritidsfartøyet som sit igjen med skaden.
I verste fall kan liv gå tapt, åtvarar losoldermannen.
Stoppelengda på eit stort skip kan vere opptil to kilometer.
– Eit mindre fartøy forsvinn gjerne under baugen, altså i blindsona på det store skipet.
Meir merksam
Losoldermannen seier at det ikkje er spesielt hyggeleg å vere skipper når ein liten fritidsbåt forsvinn under baugen.
– Dei har ingen høve til å snu unna han, for dei ser han ikkje.
Det kan halde å følge nokre enkle råd frå dei yngste båtentusiastane.
– Køyr fint og ikkje for nær andre båtar. Og ha vest, det er viktig, seier Jonas Bjørnstad.