Hopp til innhold

Sløkker skogbrannar i Hellas – trur han drakk ti liter vatn på ein økt

Henrik Brokke fortel om cirka 40 brannar kvar einaste dag, der han og laget hans er for å hjelpe greske kollegaer.

Norske brannmenn på vei inn i brannfeltet ved Nafplio i Hellas

HJELPAR: Norske brannmenn på veg inn i brannfeltet ved Nafplio i Hellas. Trond Øyvind Åmas (t.v) er ein del av teamet.

Foto: TEAM 2 GFF-NO/HENRIK BROKKE

Henrik Brokke er teamleiar for gruppa på 13 brannmannskap som har reist frå Noreg for å hjelpe Hellas med skogbrannar på Peloponnes.

Dei har til no vore involvert i to konkrete skogbrannar i nærområdet rundt Tripoli. Den første var cirka 8 mil frå basen. Den andre skogbrannen var eit par mil vest for Tripoli.

Dei samarbeider med ei gresk tilsvarande gruppe brannmannskap, og styrker som sløkker frå lufta.

– Vi jobbar to døgn i eitt her nede, og så har vi eitt døgn fri, fortel han.

Les også Norske brannfolk skal slukke skogbranner i Hellas: – Vi gruer oss litt

Brannsjef Ove Stokkeland er med på å pakke til norske brannmannskaper skal reise til Hellas.

Tidlegare denne månaden meldte NRK at skogbrannar til no i år har rasert 130.000 mål med skog i Hellas, ifølgje sivilforsvaret i landet.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Johan Marius Ly er avdelingsdirektør i DSB.

Foto: Pressefoto

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier brannskapa er sendt til Hellas for å hjelpe det greske brannvesenet som ein del av eit EU-samarbeid og for å hauste erfaring.

– Vi får erfaring med korleis det er å jobbe med andre utanlandske team, korleis vi blir tatt i mot i eit anna land og vi får erfaring med å sløkke store skogbrannar i eit større europeisk perspektiv.

Skogbrannene i Hellas

Brannvesenet i Hellas brukar helikopter og fly som kan frakte ti tusen liter med vatn for å sløkke skogbrannar.

Foto: Louisa Gouliamaki

Nøye på å få i seg vatn

Det som er spesielt er i første rekkje vegetasjonen, som skaper ein heilt annan intensitet på brannane enn det de er vane med. Og så er det sjølvsagt temperaturen.

– Vi var spente på korleis vi skulle takle temperaturen. Dei to dagane vi har vore ute for å sløkke brannar, har det vore 35–36 varmegrader. Men vi er nøye med å drikke mykje vatn, seier Brokke.

– I løpet av ei økt på åtte timar med brannsløkking heile tida, så trur eg at eg har drukke ti liter, og ingenting har kome ut igjen, fortset han.

Brokke fortel at det er heilt andre planter og treslag i Hellas.

– Oliventre inneheld mykje olje. Det er veldig mykje furu og buskar som har mykje olje. Vegetasjonen er meir oppvarma her enn heime og er mindre fuktig, så den antenner mykje lettare.

Norske brannmannskap i Hellas

Norske brannmannskap i Hellas

Foto: Team 2 GFF-NO/Henrik Brokke

Trur dei vil bli mykje brukt framover

Det som skil brannvesenet i Hellas frå det vi har i Noreg, er at dei har store luftressursar.

– På begge brannane vi har vore på, er det med to kjempestore helikopter som fraktar ti tusen liter med vatn. I tillegg var det to skogbrannfly som også fraktar ti tusen liter, og ei rekkje småfly som droppar kanskje tre tusen liter vatn.

Brokke fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar på jobben dei har gjort.

– Så eg trur vi kjem til å bli mykje brukt framover. For sjansen for at det brenn her nede, er ganske stor. Her på Peloponnes er det cirka 40 brannar kvar einaste dag.

– Må vere førebudd

Ly i DSB håpar at Noreg ikkje skal oppleve same type skogbrannar og temperaturar som det er i Hellas.

– Men viss vi ser på klimaendringane framover, så må vi vere førebudd på å handtere større skogbrannar enn det vi har gjort til i dag.

Et fly dropper 6000 liter vann mens det norske teamet er på vei inn i brannområdet i Hellas.

Eit fly droppar vatn medan det norske teamet er på veg inn i brannområdet i Hellas.

Foto: TEAM 2 GFF-NO/HENRIK BROKKE

Ly i DSB seier at dei erfaringane brannmannskapa haustar i Hellas, blir viktige i førebuingane på større skogbrannar i Noreg.

Ly seier det kan bli aktuelt å be om hjelp av brannmannskap frå EU-land.

– Det er noko av bakgrunnen for at vi har sendt brannmannskap til Hellas. Då kan vi få erfaringar for korleis vi skal førebu oss dersom vi treng hjelp til å sløkke skogbrannar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark