Hopp til innhold

Slik reddar du din eigen hund

No finst det eigne livreddar-kurs for dei som har dyr. Og der står munn til snute-metoden på timeplanen. Les saka og sjå video.

Merete Bakerød og hunden Ada

Hundeeigar Merete Bakerød er takknemleg for å kunne redde hunden Ada om ulukka skulle vere ute.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Hunden Ada sit hjå dyrlege Johanne Teige Bøe. Ho svinsar lett rundt, og er lettare nervøs, men hundeeigar Merete Bakerød roar ho ned.

I dag skal Bakerød og fleire andre hundeeigarar læra korleis dei kan redda sine eigne hundar med eit livreddande kurs. Dyrlegen tar eit godt grep rundt Ada sin hundenase, og pustar luft inn gjennom nasebora hennar.

– Når du bles luft inn i nasen ligg hunden ofte på sida, og det gjer det enklare, fortel dyrlegen.

Artikkelen held fram under videoklippet.

Video Livredning på hund

Sjå video: Slik reddar du din eigen hund.

Du kan redde ein hund frå å døy

Kan hende det hadde vore ein fordel å vore litt besvima når ein blir utsett for så nærgåande behandling.

– Eg trur dette er det raraste ho har vore med på nokon gang, ler hundeeigaren medan ho trenar på korleis ho skal utføre livredninga.

Munn- til snutekursa handlar om kva du kan gjere når ulukka er ute enten det gjeld din eigen hund eller naboen sin.

Når man bles inn i hunden sin nase kan ein sjå på brystkassa at den vil heve seg opp, seier dyrlege Johanna Teige Bøe til NRK.no.

Eigaren til hunden Ada, seier ho er overtydd om at ho skulle klart å utføre livredning på sin eigen hund etter kurset.

– Ja, eg trur vi skulle klart det no. Eg ville forsøkt uansett, seier Bakerød.

Slik utfører du livredninga

Ifølgje dyrlegen er det ikkje teknisk vanskeleg.

  • Viktig å sørge for at leppene lukker munnhulen og blåse inn i nesa til brystkassen hever seg.
  • Vær forsiktig med små hunder så ikke luftvolumet blir for stort.
  • Hjertemassasje: Trykk og tell til 2
  • Slipp og tell til 1
  • Hold på i 30 sekunder før munn-snute-metoden (KILDE: JOHANNE TEIGE BØE- DYRLEGE PORSGRUNN DYREKLINIKK)

– Det viktigaste er å øve, kjenne etter og vite kor dei ulike tinga er i hundekroppen.

Som på andre område i livet, er det snakk om å øve så du kan og veit den dagen du treng det. Kursdeltakarane fekk og øve på hjartemassasje på hundane.

Eg pleier å gjere det på dei valpane som treng litt ekstra når dei kjem ut til livet, seier hundeeigar Elise Alvegg.