Svært få uhell i påsketrafikken

Mange avslutta påskeferien søndag. Resultatet er tett trafikk og kø fleire stader, men Vegtrafikksentralen fortel om svært få uhell.

Påsketrafikk 2015

Det har vore svært få uhell trass i stor trafikk frå påskefjellet denne påska.

– Vi har ikkje fått melding om alvorlege uhell. Det tyder på at bilistane har oppført seg veldig fint og tatt det heile med stor ro, seier trafikkoperatør Thale Eikeset.

Det har vore til dels lange køar og mykje ventetid fleire stader i landet. Men det varierer frå stad til stad.

– Innover mot Oslo på E6 var det opp til 2–3 timar ventetid. No klokka kl. 20 er ventetida ned i ein time.

Les også: Slik er påsketrafikken nå

Tør ikkje spå om 2. påskedag

På Rv 3 gjennom Østerdalen kome køen ved Terningmoen før Elverum mot E6.

– På Rv 4 går det bra nå, seier Eikeset.

Vegtrafikksentralen tør ikkje spå om trafikken 2. påskedag blir like tett. Men trur det ikkje blir like ille.

– I dag har det vart heile dagen, og det kan fortsette fram til midnatt. For det framleis mange bilar på vegen ved Øyer på E6 på veg sørover, seie Eikeset.

Trafikken flyt fint nå

På Rv 7 og E134 flyt trafikken bra, bortsett frå der Rv 7 møter E16 ved Hønefoss.

– Der vil det gå sakte nokre timar til, seier Hans Petter Medalen ved Vegtrafikksentralen i Porsgrunn.

Han rosar bilistane for å oppføre seg veldig bra i trafikken.

– Det flyt veldig bra, og det er få ulykker, seier Medalen.

Også inn mot Trondheim på E6 er det fri flyt i trafikken rett før klokka 21 i kveld.

– Vi hadde saktegåande kø frå Oppdal inn mot Trondheim, men det er over nå, seier Aslak Heggland i Vegtrafikksentralen Midt.

Folk har vore tolmodige

På E16 inn mot Bergen har det vore saktegåande trafikk sidan klokka 14 i dag. Men no ser det ut å løyse seg opp i 21-tida.

– Det løyser seg opp ved Dale. Men det går framleis seint frå Trengereid og inn mot Arna, seier trafikkoperatør Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen Vest.

Også her får bilistane skryt for å vere tolmodige i påsketrafikken.

– Det er ikkje meldt om uhell. Folk har vore tolmodige, seier Norheim.

Men det er vanskeleg å spå om trafikken 2. påskedag.

– Men det har vore mykje trafikk i dag, så kanskje det ikkje blir så ille 2. påskedag.