Hopp til innhold

Slepp å flytte med lokale eigarar

SKIEN (NRK): Produksjonen ved fabrikken Gimsøy kloster, som er eigd av Orkla, vert no flytta til Sverige. Nabobedrifta Bergbys Sennep nekta å la seg kjøpe opp, og slapp da å krysse riksgrensa.

Fun light Gimsøy

SAFTPRODUKSJON: På Gimsøy kloster produserer dei blant anna safta Fun Light. Den vil no bli produsert i Sverige.

Foto: Roald Marker / NRK

– Me fekk aldri nokre nye produkt å produsere, samtidig som det vart færre folk som jobba her, seier Ingvild Søndergaard. Ho er hovudtillitsvald ved fabrikken.

Sødergaard har jobba på Gimsøy sidan 1992. Ho trur ikkje fabrikken hadde blitt flytta om dei framleis hadde hatt lokale eigarar.

Den gongen me hadde lokale eigarar så var det ei meir komplett bedrift. Me hadde blant anna eigen avdeling for produktutvikling. Etter at me fekk større eigarar har det berre verte ein fabrikk, og da er det mykje enklare å flytte produksjonen, seier Søndergaard.

Ingvild Søndergaard

STOLT TRADISJON: I 83 år har det vore produksjon på Gimsøy kloster. No leggjast produksjonen til Sverige. Ingvild Søndergaard tykkjer det er trist.

Foto: Roald Marker / NRK

Haldt bedrifta lokalt

Produksjonen av Bergbys Sennep skjer også i Skien. Der har ein greidd å behalde lokale eigarar i bedrifta, sjølv om interessa utanfrå har vore stor.

I fjor var blant anna selskapet Kavli på bana for å kjøpe sennepsbedrifta. Produksjonen ville blitt flytta til Sverige om Kavli hadde teke over eigarskapet.

Les også: Klubbleder: – Vi skal kjempe for de ansatte

John Arve Olsen

LOKAL PRODUKSJON: Dagleg leiar i Bergbys Sennep er glad for at produksjonen vart verande i Skien.

Foto: Roald Marker / NRK

– Det var jo ein fare for å bli seld til dei, men heldigvis var det lokale krefter som stilte opp, seier dagleg leiar i Bergbys Sennep, John Arve Olsen.

At Bergbys Sennep blir produsert lokalt trur Olsen også er med på å stryke dei lokalt sal av produktet

– Eg har eit inntrykk av at folk er stolte over at me har dette nisjeproduktet her i Grenland. Noko eg trur henger saman med dei sterke salstala me har lokalt, seier Olsen.

Ingen garanti for lokal produksjon

Vekst i Grenland er eit interkommunalt selskap som har som mål å hjelpe bedrifter i oppstartsfasen. Dei trur ikkje at lokale eigarar automatisk betyr lokal produksjon.

Hanne Gro Haugland

INGEN GARANTI: Dagleg leiar i Vekst i Grenland, Hanne Gro Haugland trur ikkje lokale eigarar er nokon garanti for lokal produksjon.

Foto: Roald Marker / NRK

– Eg trur nok lokale eigarar strekk seg litt lenger for å halde produksjonen lokalt, men det er jo ingen garanti for det, seier dagleg leiar i Hanne Gro Haugland.

Haugland trur nemleg at alle bedriftseigarar til sjuande og sist tenkjer på kva som er det beste for bedrifta. Skulle det vere nødvendig å flytte produksjonen ein annan stad trur ho dei fleste eigarar ville gjort det, uansett om dei var lokale eller ikkje.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark