Hopp til innhold

Rekordresultat for Ap i Skien

Arbeidarpartiet er det største partiet når de fleste stemmene ved skolevalet i Telemark er talt opp. I Skien blei det ny rekord for Ap i skolevalet.

Skoledebatt i Bø 2015

Frå debatten før skolevalet ved Bø vidaregåande skole.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Vallogo

Arbeidarpartiet fekk 37,5 prosent av stemmene ved skolevalet i Telemark. Høgre blei det nest største partiet med 13,2 prosent og Framstegspartiet fekk 11,2 prosent av stemmene.

Det viser resultatet etter at fleste stemmene er talde opp ved skolevalet for dei vidaregåande skolane i Telemark.

Men det er likevel store variasjonar frå skole til skole.

Den vidaregåande skolen i Porsgrunn er ikkje med i statistikken.

Hedda er populær blant ungdomen

Felix Volpe, AUF i Telemark

Felix Volpe, leiar i AUF i Telemark.

Foto: AUF

– Det er det beste resultatet nokon gong i Skien. Og det beste resultatet i gjennomsnitt for Telemark, seier Felix Volpe, leiar i AUF i Telemark.

Han meiner det viser at ungdom ser mot Arbeidarpartiet for å finne løysingar på dagens utfordringar.

– Resultatet i Skien viser at ordførar Hedda Foss Five er populær blant ungdomen i byen, seier Volpe.

Han trur det har vore viktig for ungdomen at Arbeidarpartiet vil ha tilsett helsesøster på alle vidaregåande skolar i fylket.

– Men god eldreomsorg og miljøsaker har også vore viktige, seier Volpe.

Arbeidarpartiet størst i Skien

Ved dei vidaregåande skolane i Skien får Arbeidarpartiet 43 prosent av stemmene. Høgre får 15,1 prosent. SV blei tredje største parti med 8,6 prosent, tett følgt av Frp som fekk 8,1 prosent. Rødt fekk 7,8 prosent.

Bypartiet som gjer det godt på andre meiningsmålingar fekk 0.9 prosent i skolevalet.

Ved Skogmo vidaregåande i var Ap klart størst med 52 prosent, mens Rødt blei nest størst med 10,8 prosent. Frp fekk 9,8 prosent. Og Høgre og SV fekk 8,6 prosent.

På Hjalmar Johansen vidaregåande fekk Ap 42,5 prosent. Høgre 15,6 prosent og Frp 11,5 prosent. SV fekk 9,7 prosent.

På Skien vidaregåande fekk Ap 39,9 prosent mens Høgre fekk 16,2 prosent. Rødt blei tredje største partiet med 9,1 prosent og SV fekk 8,6 prosent.

Ved Toppidrettsgymnaset i Telemark toppar Arbeidarpartiet med 42,6 prosent. Høgre fekk 20,3 prosent og Frp 8,1 prosent av stemmene.

Ap er ikkje størst på alle skolane

I Midt. Telemark er ikkje Arbeidarpartiet størst ved alle vidaregåande skolane etter skolevalet.

Ved Nome vidaregåande er det Framstegspartiet som er mest populære. Frp fekk 25,3 prosent. Arbeidarpartiet 19,9 prosent og Senterpartiet 17,5 prosent. SV fekk 12,5 prosent og Høgre 10,1 prosent.

I Bø er det SV som er det mest populære partiet. SV fekk 24,2 prosent, med Senterpartiet tett etter med 23,5 prosent. Arbeidarpartiet fekk 19,6 og Høgre 10,1 prosent.

På Notodden er Arbeidarpartiet størst med 38,1 prosent. Høgre får 18,9 prosent og Frp 17,8 prosent.

Tett løp mellom Ap og Sp

På Rjukan vidaregåande er tett løp mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Arbeidarpartiet er størst med 28,8 prosent, mens Senterpartiet får 28,2 prosent.

Høgre får 13,5 prosent og SV 10,3 prosent.

Også ved Vest-Telemark vidaregåande skole er det tett mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Ap er størst med 32,2 prosent, mens Sp får 31,3 prosent.

SV får 15,2 prosent og Frp 10,4 prosent.

Ap størst i Kragerø og Bamble

I Kragerø er det Ap og Rødt som dominerer skolevalet. Ved Kragerø vidaregåande får Ap 46,2 prosent. Mens Rødt får 26,6 prosent. Frp får 9 prosent og Høgre 4 prosent.

Ved Bamble vidaregåande skolar er Arbeidarpartiet klart størst med 38,3 prosent. Her fekk både Høgre og Frp 16,7 prosent av stemmene.

Rødt fekk 8,9 prosent.

KrF størst ved Kvitsund gymnas

Kristelig Folkeparti blei klart størst og fekk 52,8 prosent av stemmene ved skolevalet ved Kvitsund gymnas.

Senterpartiet blei det nest største partiet med 14,2 prosent. Venstre fekk 8,5 prosent, mens Arbeidarpartiet og Høyre fekk 6,8 prosent.

Rødt fekk 3,4 prosent, og det er meir enn Miljøpartiet De Grønne og Høgre som fekk 2,8 prosent.

Frp fekk 1,1 prosent av stemmene.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark