SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
- Eit valkamputspel, slik karakteriserer Kåre Fostervoll utspelet til Sigvald Oppebøen Hansen i Telemarkssendinga i går der han lova friske pengar til Skien fengsel.
Oppebøen Hansen var ikkje overraska og ba justisministeren rydde opp.
Dette imponerer ikkje Frp.
Hovudsak for Frp
Skien fengsel er valkampsak. Foto: NRK
Kriminalpolitisk talsmann og andrekandidat til stortinget for Frp i Telemark, Kåre Fostervoll, meiner dette er eit sjølskrytande valkamputspel med lite innhald.
- Arbeidarpartiet har ikkje gjort særleg mykje, seier Fostervoll.
Han peikar på at Arbeidarpartiet berre fekk ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner til kriminalomsorgen i sitt budsjettforlik med regjeringa, medan Frp fekk 30 millionar kroner i sitt budsjettforlik.
Fostervoll lovar at kriminalpolitikk blir ei hovudsak for Frp i valkampen.
- Tryggleiken for folk flest er viktig for oss, seier Fostervoll.