Hopp til innhold

Du lønnar konsulentbransjen

Det offentlege brukar stadig meir skattepengar på å lønne pr-rådgjevarar. Det er tvilsamt at politikarar må ha pr-konsulentar for å gjera jobben sin meiner samfunnsdebattant.

Hedda Foss Five og Bjørn Richard Johansen

Dei er ubeskjedne og legg att Janteloven heime seier ordføraren om First House.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tidlegare olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har som fylkesordførar i Telemark gått inn på ei treårig avtale med kommunikasjonsselskapet First House. Dei skal hjelpe til med næringsutvikling.

Fyklesordførar Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis Johansen forsvarar pengebruken

Foto: Anne Lognvik / NRK

Er det ikkje ei politisk fallitterklæring å hyre inn eit kommunikasjonsbyrå til å gjere ein jobb som de har eit næringsapparat og politikarar til å gjere?

– Nei, det er eg heilt ueinig i, svarer fylkesordføraren. First House skal gjere meir enn det me er i stand til å gjere sjølv, dei skal ikkje gjere det same. Det er ein annan type jobbing dei gjer, meir salsorientert. Det handlar om å jobbe inn i finansmarknaden, mot utlandet og andre aktørar.

– Politikken til side, dei profesjonelle overtar

Seier Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse. Han er betenkt over at stadig fleire skattekroner går i lomma på private pr-rådgjevarar og kommunikasjonsbyrå.

– Eg er betenkt på utviklinga som me ser starten på no. Det å søkje råd er klokt, men det me no ser mange eksempel på er at rådgjevarane ikkje berre gjev råd, men leverer heile pakka. Det kostar masse tid og pengar.

Lerø er redd for at det offentlege systemet kan koma dit at alle må ha ein stab av rådgjevarar rundt seg for å fremje ei sak.

– Det blir omtrent som i retten der alle møter med sin eigen advokat, seier Lerø.

I tillegg til at det kostar mange skattekroner, er han redd for at det ligg eit stort demokratisk problem i denne utviklinga der pr-rådgjevarane overtek ein stor del av jobben..

– Politikken trer til side, og det blir eit spel for dei profesjonelle, seier Lerø.

Makta samlet

Makta samla for å lokke amerikanarane til Skien, Direktør Bård Stranheim i Innovasjon Norge, finansdirektør Sean Sullivan EID, ordførar Hedda Foss Five, konsernsjef Jim Robell EID, og Bjørn Richard Johansen i First House.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dei let Janteloven liggje att heime

Slik karakteriserer ordførar i Skien Hedda Foss Five måten pr-byrået First House jobbar på. Me treffer henne i det ho er i ferd med å avslutte eit lunsjmøte på rådhuset med det amerikanske selskapet EID Passport. Det selskapet vurderer kvar dei skal plassere sitt europeiske hovudkontor, og Skien er ein av stadene dei vurderer. Det er First House som trekkjer i trådane og er bakspelar i dette opplegget som kan gje nyetablering.

– For meg som ordførar er det å skape nye arbeidsplassar det viktigaste, kven som gjer jobben er underordna, seier Foss Five.

– Det eg legg merke til er at måten dei jobbar på er unorsk og utradisjonell, seier Foss Five. Dei er ubeskjedne, går etter dei største fiskane. Dei framstiller Skien, Telemark og Noreg som verdas navle. Der har nok me i det offentlege noko å lære seier Foss Five som har dressa seg opp og ikledd seg ordførarkjede for å ta imot amerikanarane.

Skatte kroner går til PR-bransjen

Igår ble det klart at det amerikanske it-firmaet EID Passport vurderer å legge sitt hovedkontor i Europa til Grenland.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Samlar makta og trekkjer i trådane

– Her har me fått næringslivet, politikarar og andre aktørar til å møte opp for å treffe det amerikanske firmaet. Det er andre besøket frå USA her i Skien, og me har vore i Oregon i mellomtida for å drøfte ting, seier Bjørn Richard Johansen frå First House. Det me bidreg med er å få gjennomført ting, trekkje i trådane og få utlendingar til å koma hit. Der har vel me vår styrke legg han til, og fortel at det er eit par store prosjekt dei arbeider med no som er interessante med tanke på moglege etableringar i Telemark.

Det vankar ingen lovnader, men store og optimistiske smil i det amerikanarane forlèt rådhuset i Skien.