Hopp til innhold

Skadd av tømmerstokk

Ein mann i 50-åra er skadd i ei arbeidsulykke ved Nykirke i Horten under arbeid med tømmerstokkar. Den skadde sat i ein kran og har blitt treft i beinet av ein tømmerstokk. Naudetatane arbeider nå med å frigjere mannen som er bevisst.