Hopp til innhold

Sjukdom herjar blant dyr på vidda

Mange reinsdyrkalvar dør av sjukdomsutbrot på Hardangervidda. Ein ny rapport slår fast at menneskeleg aktivitet er årsaka.

Fotråte

Svelgbrems og fotròte er blant sjukdomane som herjar i villreinflokkane på Hardangervidda.

Foto: VETERINÆRINSTITUTTET/Eivind Lurås

Turistløyper, bygging av hytter og auka menneskeleg trafikk på Hardangervidda fører til at villreinen klumpar seg saman på eit for lite område. Då blir dei sårbare for sjukdomar.

Det er konklusjonen i rapporten Kjell Handeland har laga for Veterinærinstituttet.

– Det er uheldig at eit nomadisk flokkdyr blir pressa saman på små areal, seier veterinæren.

GPS målingar som viser at villreinen brukar ein liten del av Hardangervidda om sommaren.

Kartet viser kor liten del av Hardangervidda som villreinen brukar om sommaren. Den grøne prikken er Hårteigen. Merka turstiar er markert med raudt.

Foto: Norsk Villreinsenter Sør

Kan ha tatt livet av tusen dyr

Beiting i eit for lite område fører til auka smitte av parasittar som hudbrems, svelgbrems og hjernemark.

Ifølgje rapporten har kalvane på Hardangervidda svært låg vekt, samanlikna med kalvar i andre villreinområde.

Handeland seier GPS-målingar viser at villreinen held seg i eit forholdsvis lite område.

– Der står dei meir eller mindre heile sommaren, og gjennomfører ikkje det tidlegare vårtrekket mot nord og vest.

Kalv med hjernemark har fått lammelser i bakparten.

Villreinkalv som er svak (lamma) i bakparten på grunn av infeksjon med hjernemark.

Foto: Veterinærinstituttet

I fjor undersøkte han også utbrotet av fotròte. Sjukdomen kan ha tatt livet av nærare tusen dyr etter sommaren. Kalvar og ungdyr er særleg utsett.

– Får dei fotròte på meir enn eit bein, vil dei døy raskt, fordi dei ikkje klarar flytte seg rundt i terrenget.

– Men også dyr som får fotròte på eit bein, vil ha veldig vanskeleg for å klare seg. Kalvane vil døy.

Fotråte hos villrein

Villrein som er smitta av fotròte ville ikkje ha overlevd vinteren, og er blitt skadefelt.

Foto: Veterinærinstituttet

Må få bruke eit større område

På 1800-talet og starten av 1900-talet gav fotròte store tap for reineigarane i Finnmark.

Årsaka var at det på den tida var vanleg å samle reinsdyra for å mjølke simlene. Dei stod tett og smitta gjekk lett.

Då dei slutta med det, og lét reinen fordele seg i terrenget, forsvann problemet.

For å redusere sjukdomar og bevare stammen på Hardangervidda må dei få bruke eit større område, meiner han.

– Vi må vege omsynet til dyrehelsa opp mot kor fritt menneske skal få lov til å opptre i fjellet.

– Til dømes vil hyttebygging i randsona høgst sannsynleg føre til auka ferdsel inn i villreinområdet.

Handeland peikar på at Noreg er forplikta, etter Bernkonvensjonen, til å ta vare på villreinen i den norske fjellheimen.

Desse stammene representerer dei siste restane av opphavleg vill tundrarein i Europa.

Kjell Handeland, Veterinærinstituttet

Veterinær Kjell Handeland har forska på sjukdomar blant villrein på Hardangervidda.

Foto: Ragnar Lurås / NRK